Satsing på miljø, solidaritet og fri og trygg handel!

Ordføraren svara i førre kommunestyremøte på eit spørsmål Venstre stilte om rettvis handel, som er mest kjent tilknytt konseptet «Fairtrade». Ordføraren innrømde at temaet rettvis handel først og fremst er eit vanskeleg kostnadsspørsmål. For Venstre handlar det i tillegg m. a om miljø, solidaritet og fri og trygg handel!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Svaret kom på bakgrunn av ein interpellasjon frå Voss Venstre og Knut Olav Nestås. Spørsmåla i den, kan du lesa om her . Voss kommune har ikkje noko oversikt over andel innkjøpte varer som er «rettvise», altså kjøpt inn på «Fairtrade»-produsentane sine vilkår. Dette vil Venstre etterlysa vidare. Med bakgrunn i ein oversikt over andel varer, vert det lettare å setja seg målsetnadar om kva som bør vera ein rimeleg andel rettvise varer kommunen kjøper inn.

Rettferdig kaffe

Foto: Alf Helge Greaker

Etter ordførarens svar, var det ein kort debatt der Venstre ved Knut Olav Nestås deltok: – Rettvis handel — underforstått «Fairtrade-konseptet» — handlar om miljø, solidaritet, fri og trygg handel, samt verdiskaping i dei regionane i verda som treng det mest. Difor er dette så viktig for Venstre, og noko det burde vera tverrpolitisk semje om, sa Nestås.

Nestås

Foto: Vidar Herre

Eit tema som Voss Venstre ser på som noko underkommunisert er «Fairtrade»-konseptets satsing på miljødelen. «Fairtrade» har som mål at produksjonen skal gå føre seg så miljøvenleg som mogleg. Nokon av krava er redusert sprøytemiddelbruk, reinsing av utsleppsvatn, tiltak mot jorderosjon. I tillegg vert det oppmoda om omlegging til økologisk jordbruk. Les meir om Fairtrades standardar .

Korn i solnedgang på Holm gård i Hurum. Landbruk.

Foto: Finn Dale Iversen

Venstre vil no vurdera korleis ein skal løfta saka vidare, m. a med fokus på å klargjera dei faktiske høva og skaffa ei oversikt over innkjøp, samt jobba med å setja nokre målsetnadar for kjøp av rettvise varer. — Først lyt me få ei oversikt over tilknytinga kommunen har til rettvis handel allereie. Deretter er det naturleg å sjå på moglegheitene for å gjera Voss kommune til «Fairtrade»-kommune, seier Nestås. Han presiserer at ei sak som har element som miljø, solidaritet, samt fri og trygg handel, openbart er ei viktig sak for Venstre og at ein difor vil kjempa for den vidare.

Fairtrademerket

Foto: Fairtrade

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**