Lagbygging fram mot 2013

Partileiar Trine Skei Grande var på plass når fylkeslaga Sogn og Fjordane og Hordaland Venstre var samla på Clarion Hotel Admiral i Bergen i helga. Ho innleia med temaet Venstre og lagbygging fram mot 2013. 27 deltakarar frå Hordaland Venstre var tilstades frå 14 lokallag. Sogn og Fjordane Venstre var representert med 19 deltakarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Lokalpolitisk nettverk for Sogn og Fjordane og Hordaland

Foto: Linda Ness Rotihaug

Føremålet med Lokalpolitsk nettverk denne gongen var å førebu lokallaga på arbeidet fram mot 2013 gjennom systematisk bygging av lokallag. Det er viktig å hente erfaringaå fra 2011 som kan gjere valkamp-opplegget for 2013 best mogleg. Venstre skal fram mot valet skape tryggheit og nettverk for folkevalde og tillitsvalde, lokalt og i fylka.

Trine Skei Grandes innlegg var som vanleg inspirerande og mange engasjerte deltakarar hadde spørsmål til henne etterpå.

Frank Aarebrot

Foto: Linda Ness Rotihaug

Etter Skei Grande overtok samfunnsvitar og valekspert Frank Aarebrot med eit spanande innlegg om Venstre sitt ærend i lokalpolitikken.

Laurdag fekk forsamlinga òg høyre Atle Kvamme kommunikasjonssjef i Bergen Næringsråd, innleie over temaet «Næringspolitikk på skinner»; og Anne Sissel Faugstad, visedirektør for Haukeland Universitetssjukehus, heldt ei innleiing om Samhandligsreforma.

Mona

Foto: Reinhold Kager

Søndag hadde Marit Barsnes Krogsæther og Mona Hellesnes innleiinger til debatt om fylkeskommunal politikk.
Åsta Årøen rapporterte frå Velferdsutvalets arbeid og forsamlinga fekk komme med innspel til punkta om helsepolitikk.
Fylkesleiar Rolf Nesheim, som også er nestleiar i Programnemnda, rapporterte frå nemndas arbeid med Strotingsvalprogrammet.

Ei inspirerande helg for alle!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**