Venstre fram mot 2013

Stortingsrepresentant og partileiar Trine Skei Grande var på plass når Fylkeslaga Sogn og Fjordane og Hordaland Venstre var samla på Clarion Hotel Admiral i Bergen i helga. Ho innleia lokalpolitisk nettverk med temaet Venstre og lagbygging fram mot 2013. 19 deltakarar frå Sogn og Fjordane var tilstades frå 13 lokallag. Hordaland Venstre var representert med 28 deltakarar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

 Sogn og Fjordane og Hordaland Venstre samla i Bergen på lokalpolitisk nettverk 24. og 25. mars

Sogn og Fjordane og Hordaland Venstre samla i Bergen på lokalpolitisk nettverk 24. og 25. mars

Trine Skei Grande

Føremålet med Lokalpolitsk nettverk denne gongen er å førebu lokallaga på arbeidet fram mot 2013 gjennom systematisk bygging av lokallag. Det er viktig å hente erfaringaå fra 2011 som kan gjere valkamp-opplegget for 2013 best mogleg.

Venstre skal fram mot valet skape tryggheit og nettverk for folkevalde og tillitsvalde, lokalt og i fylka.

Frank Aarebrot

Frank Aarebrot

Vi skal gje Trine og Borghild selskap i 2013. Skei Grande avslutta innlegget med det same som ho sa til landskonferansen hausten 2011 – Berre vent til 2013. Då kjem alle dei andre, sa Trine Skei Grande.

Deltakarane kom med spørsmål til Skei Grande som ho svara på før Valforskar og samfunnsvitar Frank Aarebrot overtok med innlegg om Venstre sitt ærend i lokalpolitikken.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**