Venstre er positive til utvikling i Jordalen

Eit samrøystes kommunestyre var positiv til kraftprosjektet i Jordalen. Debatten dreia seg om kva krav ein skulle setja til utbyggar. M. a Torstein Gunnarson poengterte at det her òg var moment knytt til forskrifter og vernekrav som gjorde at ein var avhengig av å stilla riktige krav til utbyggar for å vera sikker på at prosjektet vert realisert i det heile.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Heile Voss kommunestyre var positive til kraftutbyggingsplanane i Jordalen. Utbetring av veg, tunnel og inntekter vil tena både innbyggarane i Jordalen og kommunen godt. Debatten om samfunnsvinsten i tiltaket var såleis prega av konsensus.

Venstre og KrF hadde derimot fleire forslag som skilde seg frå dei raudgrøne sine knytt til miljøkrav. Særskilt i krav til minstevassføring var det ein viss forskjell mellom dei ulike politiske partia. Venstre og KrF ynskte noko meir vassføring året rundt, samt ein forbisleppsventil som ville ha trygga det biologiske mangfaldet i elva.

Smakraft 2

Foto: Ukjent

Også i krav til luftspenn var det ulike meiningar. Venstre og KrF ynskte kraftlinene gravlagde i jorda framføre i luftspenn. Argumentasjonen her gjekk primært på Jordalens nærleik til verdsarvområdet Nærøyfjorden, men òg at det var ulike meiningar om luftlinene frå naboane si side.

Forslaga til Venstre og KrF fall, fordi dei øvrige partia meinte prosjektet hadde marginal lønsemd allereie.

Venstre håpar at dette ikkje får konsekvensar for prosjektets vidare progresjon, med tanke på at det kan vera krav som ikkje er i samsvar med vedtaket som er fatta i kommunestyret.

Saksdokumenter

Foto: Microsoft

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**