Venstre ynskjer lokal satsing på rettvis handel!

Rettvis handel, best kjent på engelsk som «fair trade», er handel som sørgjer for at produsentane av varene vert sikra eit minimum av rettar og inntekter. Venstre, ved representant Knut Olav Nestås, tek no opp temaet i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Over 1,2 millionar gardsbrukarar og arbeidarar verda over, nyt no godt av global «fair trade». «Fairtrade»-merket tilbyr på denne måten forbrukarane ein delaktig og enkel måte å bidra til å redusera fattigdom globalt.

Fairtrade produkter

Foto: Fairtrade

– Det er ikkje eit stort steg kvar av oss tek for kvar kaffipose eller juicekartong me kjøper, men det nyttar og bidreg til dei som treng det mest. Forskinga har òg vist at handel er eit langt meir verknadsfullt tiltak enn konvensjonell bistand, så lenge handelen skjer på ein rettvis måte. Det er denne tryggleiken «Fairtrade»-konseptet sikrar, seier Nestås.

Venstre håpar at også Voss kommune kan vera med å tryggja denne handelen, forhåpentlegvis med ein meir intensivert innsats på området dei næraste åra.

Nestås

Foto: Foto: Daniel Melve Kvarme/Avisa Hordaland

Venstre og Knut Olav Nestås vil difor spørja ordføraren om følgjande:

1. Kan ordføraren greia ut om status for Voss kommune sitt høve til kjøp av produkt gjennom rettvis handel?

2. Kunne ordføraren tenkja seg eit meir forpliktande samarbeid med «Fairtrade», f. eks gjennom å verta «Fairtrade»-kommune?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**