Moderne bistandspolitikk

Stord Venstre vedtok ein resolusjon ang. Mikrofinans. Les Geir Angeltveits argumentasjon for korfor ein burde drive meir med dette.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Les innsendt forslag her – Det Norske Mikrofinansinitiativet.

– Dette lesarbrevet var på trykk i Bladet Sunnhordland, 26.03.12.

Då eg i 2009 budde og arbeida med Misjonsalliansen i Ecuador, var eg vitne til eit av arbeidsområdene ein arbeidde med. Mikrofinans. Ein moderne og ny måte å sjå på bistandspolitikken. Mikrofinans har gode resultater og burde i mykje større grad nyttast i den norske bistandstytinga.

 Frå Centro Creer, ein nyopprette barneskule for born med psykisk- og fysiske utviklingshemmingar.

Frå Centro Creer, ein nyopprette barneskule for born med psykisk- og fysiske utviklingshemmingar.
Foto: Geir Angeltveit

Det er eit faktum i dag at fattige mennesker i den tredje verden ikkje får tilgong til å ta del i den globale kapitalismen og verdsmarknaden. Dette er eit stort problem. Marknadskrefter og startkapital og finansiering til knopskyting er med på å løfte mennesker ut av fattigdom. Noreg er gode på bistand, men det er ei form for bistandsarbeid me kan driva meir av. Det er mikrofinans. I Noreg er det statseigde fondet «Norfund» den største aktøren innen mikrofinans. Saman med Ferd, Storebrand, DnB NOR/Vital og KLP har Norfund investert 600millionar kroner i Det norske Mikrofinansinitiativet (NMI), eit unikt offentleg-privat samarbeide (OPS) for fattigdomsmotverknad i utviklingsland.

Mikrofinans er ei samlebetegning på tilbod på finansielle tenestar til fattige mennesker – særskild i utviklingsland – som elles er utestengd. Tradisjonelt har mikrofinans vore avgrensa til institusjonar som gjev «mikroinnskudd» eller «mikrokreditt» – ei nemning brukt om små lån til mennesker som ikkje vert regna som kredittverdige av vanlege bankar. Då desse ordningane har vorte så vellykka så har ein utvida det med mellom anna «mikroforsikring» og lån til utdanning.

Geir var lærar ved ein skule i Ecuador. Mars 2009

Foto: Eirin Oksdøl

Muhammed Yunus og Grameen Bank i Bangladesh vann i 2006 Nobels fredspris for sitt arbeid med mikrofinans. Det var der det heile starta, seinare har mange private og offentlege byrja med mikrofinans. I Noreg finn ein mellom anna Care Norge, Strømmestiftelsen og Misjonsalliansen, samt overnemnd i Nordfund. Mikrofinans kan seiast å snu tradisjonell bankverksemd på hovudet, medan vanlege bankar typisk lånar ut pengar til velståande menn, er det særskild fattige kvinner som får lån gjennom mikrofinans. Og medan tradisjonelle bankar forlangar tryggleik i til dømes fast eigedom, baserar mikrofinans seg på tillit. Lån i ordinære bankar krev mykje meir papirarbeid, mikrofinans er tilgjengeleg også for analfabetar.

Kvinnene er oftest i fleirtal blandt fattige befolkingsgrupper, allikevel vert kvinner både sosialt og økonomisk undertrykka. I Ecuador har det vist seg at kvinner forvaltar inntekta på ein betre måte for familien som eining, enn menn. Grupper med kvinner som vil starte ei verksemd saman, og som stå som garantist ovenfor kvarandre og sin familie er ein sikker investering viser mykje erfaring. Av di er dei fleste mikrofinansprosjekt retta mot kvinner. Eg meiner ikkje at ei slik kjønnsdeling skal vera avgjerande, men ser svært positivt på den utviklingskrafta mikrofinans har hatt og bør ha framover.

Det er ofte slik at mikrofinans vert kritisert for å vera ein måte å «tena pengar på» dei fattige. Dette er ein svært dårleg framsyning. Mikrofinans gir mennesker som elles ikkje ville fått moglegheita ein sjangse til å ta del, skapa noko nytt, ta utdanning eller oppretta verksemd. Istadenfor å be folk visa at "ein treng hjelp" så kjem ein med "dette kan eg gjera for meg sjølv." Det hjelp ikkje dei værst stilte, men det kan hjelpe veldig mange, samt andre indirekte gjennom eit betre samfunn og fleire jobbar. Tilbakebetalingsprosenten er svært høg, og ein betalar attende når ein tenar så godt at dette er mogeleg. Kapitalen vert tilbakebetalt og returnerar til fondet, der det lånast ut på ny. Systemet fungerar kummulerande, der staten kan gå inn med eit innskot som over tid vil veksa seg større.

Dette vil eg, på vegne av Stord Venstre fremja på Venstres landsmøte 13-15. April. Der eg vil argumentere for å utvide Det Norske Mikrofinansinitiativ til å gå inn i fleire land, sikre løpande tilskot til Nordfunds fond samt vurdere alle måter for å viderutvikle NMI til å eit av Noregs hovudaktørar innan bistand.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit
Kommunestyrerepresentant
Stord Venstre

Lesarbrev

Foto: Faksimile Bladet Sunnhordland

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**