Fylkestinget protesterer mot utsendingar av asylborn

Fylkestinget protesterer mot utsendinga av Nathan Eshete og mot handsaminga av dei meir enn 400 andre asylborna utan avklåring på framtida si. Etter innspel frå Venstre, Høgre og Sp blei fråsegna samrøystes vedteken.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Mona_Hellesnes_pressebilde_2011_kvadratisk

Foto: Mathias Fischer

Fråsegna blei opphavleg fremja til fylkestinget av SV som ein protest mot utsendinga av Nathan Eshete og familien hans. Etter endringsframlegg frå Venstre, Høgre og Senterpartiet ber fylkestinget samrøystes regjeringa om å fryse utsendinga av born som har venta lenge utan endeleg avklåring om opphald.

– Venstre krev rask avklåring av situasjonen til asylborna. Vi vil fryse utsendingane i påvente av at stortingsmeldinga om born på flukt blir lege fram for Stortinget, slik fylkestinget no ber regjeringa om. Det beste for borna må kome i høgsetet, seier gruppeleiar Mona Hellesnes.

Heile fråsegna kan du lese på fylkeskommunen sine nettsider.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**