Dødsulukkene og personskadane på vegane våre kostar store beløp i tillegg til dei sterke menneskelege påkjenningane. Om lag kr 30 mill er det rekna ut at eit dødsfall på vegane våre kostar samfunnet i snitt. Berre på strekninga mellom Voss og Bergen på E 16 har NAF rekna seg fram til at kostnadane sidan 1991 er på om lag 7.5 milliardar kroner. Tek vi med alle ulukkene på kyststamvegen, og særskilt E 39 over Stord, så snakkar me om enorme summar i tillegg til dei menneskelege lidingane som ikkje let seg prisa.
Venstre vil gjennomføra dei grepa som har bevist effekt, og på ordningar som er kunnskapsbaserte og effektive. Forskingsleiar Rune Elvik ved TØI si avdeling for tryggleik og miljø, er sitert på følgjande vedkomande dei svenske forsøka med midtrekkverk: "Forsøk har vist at antall drepte gikk ned med 80 %." Midtdelarar er m.a.o. ei effektivt og godt tiltak knytt til å auka trafikktryggleiken langs vegane.
Fylkesveg 7 må verta eit kortare og reelt alternativ for å avlasta E 16 Bergen-Voss. Då må det byggjast 3 km tunnel Øystese-Fyksesund og gjera naudsynte utbetringar langs Hardangerfjorden til Granvin. Det vil gjera Hardangeralternativet 9 km kortare enn over Voss, og gje betre trafikkfordeling på trafikken som skal til Hardanger.
Hordaland Venstre vil:
auka bruken av midtdelarar
redusera fartsgrensene der det er nødvendig
kombinera haldningskampanjar med auka kontrollaktivitet og synleg politi langs vegane
byggja Fyksesundtunnelen og utbetra riksveg 7 langs fjorden til Granvin
kartleggja frekvensen og konsekvensen knytt til ulukker på utsette vegstrekningar i Hordaland
at det allereie i grunnskulen skal arrangerast mørkedemonstrasjonar for å bevisstgjera kor mykje det har å seie å vere synleg i trafikken
Fråsegna vart vedteken av Hordaland Venstre på årsmøtet 5. februar 2012
Kontaktpersoner: Rolf Nesheim 90 66 29 38 eller Knut Olav Nestås 41 20 61 32