Skuffande satsing på jernbane i NTP

Venstre er skuffa over manglande satsing på jernbane og kollektivtransport i dei store byane i framlegget til Nasjonal transportplan. Særleg forundra er vi over at Ringeriksbana ikkje er inne i framlegget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Mona_Hellesnes_pressebilde_2011_kvadratisk

Foto: Mathias Fischer

– Ringeriksbana blei vedteke allereie i 1992, og vil korte ned reisetida mellom Bergen og Oslo med 50 minutter. At ho ikkje ligg i framlegget frå Jernbaneverket er underleg, og veldig skuffande, seier Mona Hellesnes, gruppeleiar for Venstre i fylkestinget.

– Venstre er glade for at Jernbaneverket vil prioritere dobbeltspor gjennom Ulriken, men det kan knapt kallast ei jernbanesatsing. Ei tilstrekkeleg opprusting av Bergensbana krev langt meir, særleg bygging av Ringeriksbana og opprusting av bana mellom Arna og Voss. Då kan vi få reisetida ned mot fire timar, seier Hellesnes.

Venstre er også skuffa over at Sotrasambandet er lågt prioritert, og risikerer å bli utsett ved neste handsaming.

Saknar statleg bybanepott
I valkampen var regjeringspartia ute med lovnadar om ein eigen pott til bybane i Nasjonal transportplan. Venstre bit seg merke i at denne er fråverande i framlegget, medan samferdselsministeren i det siste har vore vaklande på dette punktet.

– Bergen vil vekse med 160 000 innbyggjarar dei neste 30 åra, og vil oppleve ein større prosentvis auke enn hovudstaden. Det er uakseptabelt at bergensregionen ikkje prioriterast høgare, etter den vedvarande skeivskapen i kollektivsatsing. Ein må ta inn over seg at det finnast kollektivreisande også utanfor Oslo-gryta. Venstre på Stortinget vil setje av ein milliard kroner til bybanesatsing i dei store byane, og ein statleg bybanepott må på plass, seier Hellesnes.

Forventar satsing på fylkesvegnettet
Venstre er positive til at ein har høg prioritering på å ta inn det statlege vedlikehaldetterslepet på riksvegane. – Vi forventar at dette vil vise seg gjeldande også når rammene for fylkesvegnettet blir bestemt, seier Hellesnes.

Les meir om saka i Bergens Tidende torsdag 1. mars.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**