Fiske etter laks i Vosso 2012 – er Vossolaksen friskmeldt?

Ut frå god oppgang av laks i Vosso siste året, og forventa større i 2012, føreslo Rolf Abrahamsen ei varsam opning for fiske etter laks i elva 2012. Fleirtalet i kommunestyret gjekk imot dette, saka går no til Direktoratet for naturforvaltning for avgjerd. Delar av resonnementet i kommunestyret, og lesarinnlegget hans i avisa “Hordaland”, kan du lesa her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Torsdag 16.02.12 behandla kommunestyret spørsmålet om opning av fisket etter laks i Vossovassdraget. Debatten om saka vart referert i avisa Hordaland den 18.02.12. Her vert det sett likheitsteikn mellom det å opne fisket med at vassdraget er "friskmeldt".

Foss Møllerstufossen i Nordre Land vann elv

Foto: Bjørg Lien

Underteikna gjekk inn for opning av eit avgrensa fiske i 2012-sesongen i samsvar med Direktoratet for naturforvaltning sitt alternativ 1. Men dette betyr ikkje at eg reknar vassdraget som friskmeldt. Det som no skjer, er at vi ser fruktene av den pågåande Redningsaksjonen for Vossolaksen. Store mengder laksesmolt vert no avla opp på klekkeriet og ikkje minst i det nye merdanlegget på Evanger. Når denne smolten er klar for å vandre ut i havet, får dei ytterlegare hjelp ved at dei vert slept ut fjordsystemet i ein perforert tank og sluppe fri godt på veg ut mot havet.

Hovudproblema for Vossolaksen synest å liggje i utvandringsruta for smolten. Utsleping av smolt reduserer dødelegheita svært mykje. Lakselus er eit stort problem men også andre miljøfaktorar kan medverke til stor dødelegheit ved naturleg utvandring. Forskarane prøver å finne forklaringa på den store dødelegheita.

Forskning, medisin, helse, sykehus, universitet

Foto: Microsoft

Fram til 2008 låg dei årlege smoltutsetta frå Voss klekkeri på vel 20.000 stk. smolt. Dei 3 siste åra har dette talet blitt gradvis auka til vel 180.000 stk. i 2011. Det er planlagt 150.000 i 2012 og tilsvarande i 2013, som er det siste året med oppskalert produksjon finansiert gjennom Redningsaksjonen.

Dette gjev store mengder laks tilbake i vassdraget no og dei næraste åra framover. Det store spørsmålet er kva som vil skje når den kunstige hjelpa vert nedskalert. Vil laksestamma klare å reprodusere seg sjølv utan tung kunstig hjelp. Dette er i dag usikkert, og det er derfor altfor tidleg å friskmelde vassdraget.

Det som er sikkert, er at det har vore stor oppgang av laks i 2011. I 2010 kom dei første indikasjonane på at hjelpetiltaka gjennom Redningsaksjonen hadde god effekt med godt innsig av smålaks. I 2011 vart det på lovleg vis tatt opp 3.300 stk. Vossolaks på veg for å gyte. 2.400 stk. vart sleppt ut att, medan 900 stk. snutemerka laks vart avliva for avlesing av merke. Kor mykje laks som ulovleg vart teke opp i 2011 er det ingen som veit.

Oppgang

Foto: NA

Til samanlikning er gytebestandsmålet for Vossovassdraget 844 laks om gjennomsnittsvekta er 5 kg i følgje forskar Bjørn Barlaup ved Unifob. Større gjennomsnittsvekt gjev tilsvarande reduksjon i talet på gytefisk som trengs for å oppretthalde bestanden. Meir fisk enn dette gjev i teorien ikkje større reproduksjon av yngel. Om ein er skeptisk til denne modellen, og gangar med 2, så er det likevel overskot av laks i elva denne vinteren. Og i 2012 vil det truleg kome inn enno meir laks frå havet.

Underteikna har stor respekt for føre var prinsippet og meiner at det kan vere eit fornuftig alternativ å forby fiske i samsvar med Direktoratet for Naturforvaltning sitt alternativ 2. I dette alternativet vert det heller ikkje tillate sjøaurefiske der bestanden no er på eit lågmål. Det er gjort unnatak for Teigdalselva. Eit fiske etter same modell som i fjor, som fleirtalet i kommunestyret gjekk inn for, kan føre til at det vil verte landa meir freda laks enn sjøaure. Antal hardt skadd laks som lyt avlivast og tjuvfiska laks vil uungåeleg verte høgt utan eit oppsyn, som var heilt fråverande i 2011.

Oppdrettsanlegg

Foto: Nina Østebø

Underteikna meiner at det burde vere ein betre modell å tillate eit avgrensa og kontrollert fiske etter laks. Det aller meste av fisket etter snutemerka laks til forsking bør kunne flyttast frå sjø til elvefiske (i 2011 ca. 900 laks). Får vi på plass eit oppsyn som reduserer tjuvfiske, vil dette også gje grunnlag for at kvoten som kan takast opp gjennom fiske i vassdraget på lovleg vis vil kunne utgjere meir enn 1000 laks i 2012.

Utenriks, miljø

Foto: Luth

Det er dei tunge hjelpetiltaka gjennom Redningsaksjonen som no generer eit haustbart overskot. Blir hjelpetiltaka skalert ned, kan situasjonen fort bli ein annan. Om det er slik at Vossolaksen også framover vil trenge mykje hjelp for å klare livssyklusen/ reprodusere seg sjølv, vil dette ytterlegare aktualisere eit samarbeid mellom grunneigarar, lokale dugnadsfolk og fiskeentusiastar for å sikre slik hjelp. Aktuelle forvaltningsorgan må på banen og det må utformast ein god forvaltningsmodell for den unike laksestamma. Organisering av eit forsvarleg fiske i vassdraget vert ein viktig del av dette. Det gjeld å finne fram til modellar som sikrar grunneigarane inntekter og som gjev grunnlag for lokal næringsutvikling, samstundes som ålmenta ikkje vert avskoren frå å delta. Eg meiner at det er på høg tid at denne diskusjonen vert starta opp.

• Rolf Abrahamsen, Venstre

Rolf Abrahamsen

Foto: Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**