Årsmøte 31.01.2011 for perioden 2010.
Måndag 31. januar 2011
Ørskoghallen
8 medlemmer møtte
Innkalling og sakliste godkjende
Ordstyrar: Knut Sørdal. Sekretær: Ragnar Bakken
Årsmelding 2010: Godkjend
Rekneskap 2010 revidert godkjent.
Kontingent 2011 75 kr pr medlem lokalt.
Val:
– Åse Karin Gjære styremedlem 2011-2012 leiar 2011
– Ragnar Bakken kasserar/sekretær 2010-2011
– Arve Ørskog styremedlem 2010-2011
– May-Sissel Osvik styremedlem 2011 – 2012
– Varamedlemmer:
– 1. Gro Christiansen 2011 2. Randi Otnes 2011 3. Asbjørn Søvik 2011 4. Hilde Sørdal 2011
– Revisorar 2011: Gaute Aamlid Olav Maridal
– Valnemnd årsmøtet januar 2012: Ola Sønderland 2011 Asbjørn Søvik 2011
– Utsendingar årsmøtet og nominasjonsmøte MRV: Ragnar Bakken og Arve Ørskog.
Vara resten av styret + varamedlemmer.
Andre saker: Listestilling ved kommunevalet i 2011. ØV prioriterer samarbeid med KRF. Programansvarleg + nominasjonsnemnd: Styret. Aktuelle politiske saker vart drøfta m.a. flaumsikring av Ørskogelva nytt Rådhus kommunestruktur.
Meldingsåret 2011:
– Kommunestyregruppa valperioden 2007-2011 fram til oktober 2011:
Knut Sørdal Åse Karin Gjære Ragnar Bakken frå Venstre
Odd A. Nybø frå KRF – Per Jostein Sæter – Karl J. Vaksvik frå SP
Gruppa har halde møte som oftast måndagane i forkant av kvart kommunestyremøte.
Møtetidspunkt: 19.00/20.00 Stad: Til vanleg på Ingeborgstova/Kyrkjetorget.
Nytt kommunestyre valgt 12. sept. 2011 første møte 06.10.11
Kommunestyregruppa valperioden 2011-2015:
Ragnar Bakken (V) Reidun Davik (V) valde på Fellesliste KRF + Venstre
Saker til drøfting: Kommunestyresakene jf. saklister og andre aktuelle politiske saker.
Kommunestyremøta har vore haldne slik i denne perioden (2011):
10.02 31.03 – 28.04 09.06 – 22.06 29.09 06.10 24.11 16.12.
– Styremøte, aktivitetar, representasjon m.m. 2011:
– Fylkesårsmøte/Nominasjonsmøte 12. – 13. febr. 2011. Utsendingar frå Ørskog var Arve Ørskog og Ragnar Bakken.
– Styremøte: Styresaker har til vanleg vorte handsama i tilknyting til gruppemøta + pr telefon og e-post. Kommunevalet har stått sentralt i 2011.
– Val valkamp m.m: Etter fleire drøftingsmøte mellom KRF + SP + Venstre, enda det heile med at SP stilte eiga liste, medan KRF og V gjekk saman om ei felles liste. Nominasjonsmøte vart halde 29. mars. Oppsett av liste med samla 13 namn alfabetisk oppsett.
– Styret hadde ansvaret for programmet dette vart ferdig til ferien.
– MRV starta valkampen 13.08.11 jf utsetjing grunna hendingane 22. juli.
KRF + Venstre i Ørskog: Felles valliste eigne program + eige notat om fellessaker.
– Valstands i Sjøholt sentrum fleire laurdagar i august – september. Valmateriell til alle husstandar.
– Kommuneval: 12.09.11. MRV 7,5% og 4 medlemmer i Fylkestinget. Felleslista KRF + Venstre
fekk godt 12% i valet i Ørskog 2 representantar begge kjem frå Venstre.
– Etter valet: Fleire sonderingsmøte i samband med konstitueringa av nytt kommunestyre
der FRP har 5 repr Sp har 4 repr AP har 4 repr medan Høgre og Felleslista har 2 kvar.
Thorbjørn Fylling vart ordførar for 4 nye år, medan Ragnar Bakken vart varaordførar.
Reidun Davik er medlem i KP-utvalet. Venstre og KRF fekk elles rimeleg god utteljing i råd
og utval for 2011-15. Venstre sine listekandidatar har alle fått viktige verv.
– Repr.skapsmøte Molde 22.10.11: Ingen frå Ørskog Venstre
– Avisinnlegg gjennom heile 2011 i hovudsak Bygdebladet. Laget har hatt fleire innlegg og orienteringar i avisa. Godt med innlegg i samband med valkampen.
– Økonomi: Jfr rekneskap for 2011.
– Medlemsverving: Lite har skjedd knytta til det å få fleire medlemmer til laget.
Pr 31.12.11 hadde laget 12 registrerte medlemmer.
– Nettside. Ørskog Venstre har eiga nettside. Inngang gjennom Venstre si side på nettet. www.venstre.no – vidare til fylkeslag og lokallag.
Kontakt: – Kontakten i høve fylkeslag og Venstre sentralt har rimeleg god.
Utsendingar: – Ørskog Venstre har vore representert på nokre Venstresamlingar jf ovanfor.
Aktiviteten lokalt har i hovudsak vore knytta til lokalpolitikk i k.styre f.skap og utvalg
+ valkampen 2011. Ein del saker har vore drøfta i samband med gruppemøta.
Sentrale lokalpolitiske saker i 2011 eit utplukk frå kommunestyret sine saklister:
– Budsjett økonomiplan rekneskap økonomioversyn ulike reglement Ørskog Sjukeheim inntakssituasjonen Rådhussaka bustadbygging/avtalar m.m. 420 kV-linje Ørskog/Fardal kommunestruktur – årsmeldingar ymse valg høyringar konsesjonar – reguleringsplanar handlingsplanar – IKT-plan samferdselssaker pleie-og omsorgstenesta (PLO) barnehageutbygging tomteval og drift – kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet – vegspørsmål ymse reglement tilstandsrapport skulane – Ørskog v.g. skule – fritak verv buss-stasjon beredskapsplan namning av vegar mm bygging av garderobar Sjøholt skule konstitueringar/val transportplan Midt-Norge ei rekkje referatsaker, spørsmål m.m.
6240 Ørskog, 12. januar 2012 Ragnar Bakken sekretær –