Ny leiar i Etne Venstre

Årsmøtet i Etne Venstre valde torsdag 23. februar Jostein Osnes til ny leiar i Etne Venstre. Han får med seg Arne Håheim, Albert Inge Rafdal, Leif Arne Løvereide og Kjell Olav Kaland i arbeidet vidare.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Osnes, Løvereide (kommunestyrerepresentant) og Kaland er nye i styret. 2011 har vore eit bra år for Etne venstre med medlemsvekst, vekst i valresultatet og høg aktivitet. Ei av dei organisatoriske utfordringane det nye styret vil gripa fatt i er fleire kvinnelege medlemer og medlemer frå Skånevik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**