Dyrare SFO direkte resultat av misforstått pålagt leksehjelp

-At det blir dyrare med SFO-plass i Arendal er eit direkte resultat av det misforståtte lovpålegget frå regjeringa om frivillig leksehjelp til elevar i 1.-4. klasse. Dette er ille. Det er eit svik mot dei ungane som har aller best bruk for SFO-plass, sa Venstres Jan Kløvstad da bystyret diskuterte nye SFO-prisar i bystyret i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Da kunnskapsminister Kristin Halvorsen på vegner av regjeringa kom med lovpålegget, stikk i strid med alle faglege råd, blei Venstre ståande aleine her i bystyret med å protestere.

Skole

Foto: Pål Bugge

Arendal Venstre undersøkte mange sider ved den frivillige leksehjelpordninga i samtlege skolar i Arendal i november og desember 2010. Ein viktig konklusjon var at leksehjelpa ikkje hadde fagleg nytte, og at leksehjelpa svekka oppslutninga om SFO og med det også økonomien på den enkelte skole. Venstre bad om at administrasjonen skulle evaluere leksehjelpsordninga, og konklusjonen både der og i bystyret var den same som Venstre hadde kome fram til: Leksehjelpsordninga er uheldig, og den svekkar også økonomien i SFO og skolane.
I bystyrebehandlinga i fjor sommar forstod vi at regjeringa ikkje ville evaluere verken leksehjelp-pålegget i altfor ung alder og heller ikkje andre sider ved saka. Men etter forslag frå Høgre blei rapporten frå evalueringa lagt ved brevet til regjeringa. Det var klokt. Seinare har både Kristiansand og Stavanger og alle andre kommunar som har evaluert ordninga gitt dei same konklusjonane:
Ingen fagleg nytte, svekking av skoleøkonomien og fråfall i SFO.

Eg er lei for at det er blitt slik. Fråfall i SFO og dyrare SFO er dessverre eit direkte resultat av eit misforstått lovpålegg frå regjeringa, sa Jan Kløvstad.

Sjå også tidlegare artiklar om Venstres arbeid i Arendal om uheldige sider ved den lovpålagte leksehjelpa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**