Arve Ørskog ny leiar i Ørskog Venstre

Ørskog Venstre har halde årsmøte med jamt godt frammøte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Årsmelding og rekneskap vart godkjende. Kontingent vart sett til 100 kr for lokallaget. Gratis første året! Så meld deg gjerne som medlem av eit aktivt lokallag!!
Vala ga dette resultatet – etter at leiar siste året – Åse Karin Gjære – ville ha avløysing:
Leiar: Arve Ørskog 2012
Kasserar/sekretær: Ragnar Bakken 2012-13
Styremedlem: May-Sissel Osvik 2011-12
Styremedlem: Arve Ørskog 2012-13
Styremedlem: Reidun Davik 2012-2013
Styremedlem: Åse Karin Gjære 2011-2012
1. vara. Asbjørn Søvik 2012
2. vara. Randi Otnes 2012
3. vara. Knut Sørdal 2012
Revisor: Gaute Aamlid 2012
Valnemnd: Asbjørn Søvik 2012- Ola Sønderland 2012

Arve Ørskog og Ragnar Bakken vart valde til utsendingar til Fylkeslaget sitt årsmøte
25. – 26.februar i Ålesund.
Årsmøtet drøfta kommunevalet 2011 — listestilling — valkamp — resultat og oppfølgjingane etter valet den 12. september.
I førre periode hadde felleslista KRF – SP – Venstre seks representantar i kommunestyret der Venstre hadde tre av desse.
Felleslista KRF og Venstre fekk to representantar ved valet sist haust — Reidun Davik og Ragnar Bakken. Gruppa — styra — listekandidatar m.fl. legg opp til gruppemøte i forkant av kommunestyremøta — noko som også var vanleg i førre periode. Samarbeidet med KRF teiknar til å verte godt — slik det var også i valperioden som ligg bak.

Årsmøtet drøfta også ei rekkje lokale politiske saker som ligg i løypa framover.
Utfordringane lokalt er mange og spennande. Utviklinga av kommunen vår er vel verdt å bruke tid på — gjerne som politikar.
Årsmeldinga viser elles at størstedelen av den politiske aktiviteten i Ørskog Venstre er knytta til arbeidet i politiske organ i kommunen.
Venstre er m.a. representert i formannskapet med ein person (Ragnar Bakken) som også er varaordførar. Vidare har vi ein medlem i kommuneplanutvalet (Reidun Davik) og ein i tenesteutvalet (May-Sissel Osvik). Elles har vi medlemmer i fleire råd og utval — m.a. Åse Karin Gjære i kontrollutvalet.

Til slutt i denne oppsummeringa vil vi kome med ei utfordring: Skal lokaldemokratiet fungere, må folk vere villige til å engasjere seg i lokal politikk. Vi utfordrar difor Ørskogbygdarar: Ta kontakt med Ørskog Venstre – vi vil ha nye med oss – gjerne som medlemmer. Har du saker eller spørsmål — kom med dei — vi er opne for innspel og dialog med alle innbyggjarar i kommunen!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**