Venstre ynskjer å sikra lik handsaming

Eigedomsskatten har vore omdiskutert, men når det kjem til idretten har ein stort sett vore lempeleg. Venstre og Høgre meiner at golfbaneaksjeselskapet bør sjaåst på lik line med anlegg eigd av andre idrettslag når det vedkjem eigedomsskatt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Kommunestyre gav 16. febr. fritak til ein del bygningar av særskilt historisk verdi. Dette var i samsvar med ei innstilling frå ei arbeidsgruppe med m.a Venstres Torstein Gunnarson, som hadde gått gjennom kommunen sin kulturminneplan. Derimot blei eit framlegg frå Venstre og Høgre om fritak for Voss golfbaner AS utsett til neste møte. Voss golfklubb har aksjemajoriteten i golfbaneanlegget og det er også vedtektsfesta at event. overskot skal gå til idrettslege føremål. Venstre meiner difor det lyt vera høveleg å gje Voss golfbaner AS fritak for betaling av eigedomsskatt.

Alternativt lyt dei raudgrøne etablera eit nytt utval som definerar kva som er idrett – og, ikkje minst, kva som ikkje er det…

fylkesutvalget Rogaland fylkeskommune

Foto: Rogaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**