Regjeringa må kome med folkehelsemidlar

Hordaland Venstre meiner regjeringa sviktar i gjennomføringa av samhandlingsreforma, fordi dei ikkje har lagt inn midlar til folkehelsesatsinga. På denne bakgrunn etterlyser Hordaland Venstre slike midlar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


I følgje dei gode intensjonane i reforma skal ein gjennomgåande — frå vogge til grav — ha eit fokus på folkehelse, men altså utan at dette er teke med i overføringane til kommune som skal gjennomføre reforma.

Hordaland Venstre meiner dette er å halde folk for narr. Folkehelseutfordringane er spesielt knytt til livstilsproblematikk — dårleg kosthald, lite mosjon og psykisk helse. Hordaland Venstre meiner at ein må setje av prosjektmidlar til dette, og utfordre kommunane til å kome med kreative tiltak.

Når det gjeld mangelen på mosjon, trengs det også ekstraordinære investeringsmidlar i lågterskeltilbod som til dømes «Folk i form» turløyper med lys og nærmiljøanlegg (ballbingar osb.). Det trengs også meir satsing på frivillige organisasjonar og haldningsskapande arbeid. Hordaland Venstre vil at folkehelse skal bli et nasjonalt satsingsområde ikkje berre med flotte ord, men også i konkret handling med lokal handlefridom.

Politisk fråsegn vedteke av styret i Hordaland Venstre 19. februar 2012

Kontaktperson: Fylkesleiar Rolf Nesheim – 90 66 29 38

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**