Meir tog på Vestlandet

No når jernbaneverket er ferdig med si to år lange utgreiing om lyntog, viser det seg at lyntog Bergen — Oslo truleg ligg langt fram i tid. Rapporten anbefaler opprusting av strekningane der ei lyntogutbygging anten ikkje er realistisk, eller vil ta for lang tid. Dermed vert det stadig klårare at ei opprusting av Bergensbana må prioriterast snarast.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Bergensbana vil vere den strekninga kor ein får mest igjen for investeringsmidlane. Med ei investering på 55 milliardar vil reisetida mellom Bergen og Oslo kome ned mot fire timar.

Omsyn til klimautfordringa og konkurransekrafta til verksemdene i Hordaland krev ei auka satsing på skinnegåande transport. Medan Avinor turar fram med store planar om auka flytrafikk på det som allereie er ei av dei mest trafikkerte strekningane i Nord-Europa, er jernbanesatsinga fråverande. Venstre vil prioritere miljøvenleg tog med høg komfort som gjer det attraktivt å nytte tog som alternativ, framfor meir forureinande flytrafikk.

Lyntogutgreiinga syner at det er stort potensial for hurtigtog i Noreg, men at saka framleis treng vidare vurdering før traséval kan klårgjeras.

Politisk fråsegn vedteke av Hordaland Venstre sitt fylkesårsmøtet 2012

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**