Felles takstar på båtrutene

Sogn og Fjordane Venstre vil at det skal vere felles takstsystem og takstregulativ på båtrutene i heile Sogn og Fjordane fylke. Slik det er pr. i dag er bruk av båt dyrare i deler av fylket enn det dèt er elles, og Venstre meiner at det trengs ein løysing på dette.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Båtrutene til og frå øyane i fylket vårt er livsnervane for desse samfunna, og er avgjerande for å oppretthalde busetnaden. Dette gjeld på same måte for pendlarar med lokalbåtane som for dei som pendlar med buss og ferje.

Fylkeskommunen må prioritere ei harmonisering av billettprisane mellom båtruter på kysten, ferjeruter, buss og taxirute. Likheitsprinsippet skal gjelde for val av materiell og takstsystem.


Kontaktperson for Sogn og Fjordane Venstre
Marit Barsnes Krogsæter, tlf. 909 98 121

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**