Eit framtidsretta kollektivtilbod i Hordaland

Hordaland fylke og Bergensregionen spesielt står framfor store utfordringar. Anten politikarar ønskjer det eller ikkje, vil ein i dei neste åra oppleve ei stor tilflytting som vil gi regionen store moglegheiter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Ein av mange viktige brikker som må på plass for at dette skal vere til det beste for alle partar er eit godt fungerande kollektivnett. Trongen til meir persontransport kjem, men den trongen må avgrensast og løysast med god planlegging allereie i dag. Det er òg eit stort potensial for auka kollektivbruk i Sunnhordland, og i kommunane rundt Bergen. Arbeidet med å nytte sjøen som kollektivåre er viktig å halde fram, og fleire passasjerbåtstrekningar må vurderast. Spesielt gledeleg er det at det no nyleg er vedteke at snøggbåt til Nordhordaland skal byggjast ut. Eit godt kollektivnett er eit sosialt gode og eit helsefremjande tiltak. Det er eit klimamål at hovudveksten av persontransport må takast kollektivt.

I 2007 blei det innført einskapstakst for kollektivtrafikken i Bergen. I 2010 blei sona utvida til
å inkludere Straume og Kleppestø. I tillegg til å gjera bussreisa billegare, er einskapstaksten meir oversiktleg og enklare å forholda seg til for dei reisande. Ordninga har derfor gjort kollektivtrafikk til eit reelt alternativ for mange som tidlegare berre har brukt bil. Dette kjem både miljøet, trafikkavviklinga og tryggleiken til gode.

Hordaland Venstre ønskjer derfor at:

den overordna strategien er å gjere kollektivnettet så bra at ein får fleire bilistar over til å bruke kollektivtilbodet
fokusere på kvalitet og miljø i alle ledd
ein må ha eit mål om å auke andelen av reisande som nytter kollektivtilbodet
det nasjonale lovverket må gjerast enklare for at kommunane og fylkeskommunane sjølve kan nytte inntekter frå til dømes køprising til investeringar i infrastruktur for kollektivtrafikk, utan å måtte gå gjennom bompengeavtalar
alternative bruk av riksvegmidlar og belønningsmidlar kan gå til alle formål som får bilbrukarar over på kollektivløysingar, både på lang og på sjø
dei kommunane med størst folkevekst dei neste åra må planleggje arealbruk i nærare samarbeid med dei kollektivansvarlege
ein satsar på å innføre einskapstakstsonar som eit forsøksprosjekt i Sunnhordaland med Leirvik som utgangspunkt
etablera fleire gjennomgåande ruter mellom dei einskilde kommunane

Buss

Foto: Stein Inge Dahn

Politisk fråsegn vedteke på Hordaland Venstre sitt årsmøte 2012

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**