Bruk ferjeavløysingsmidlar slik dei er meint!

Sogn og Fjordane Venstre vil at pengane som fylket får til avløysing av ferje (ferjeavløysingsmidlar), skal brukast særskilt til å erstatte ferje med brusamband.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Ferje

Sogn og Fjordane fylke har mange ferjesamband som bør erstattast med bruer. Mange stadar vil det gje ein betydeleg miljøgevinst å erstatte gamle ferjer med høgt NOx-utslepp med vegsamband. Anlegg som kan realiserast kun ved ferjeavløysingsmidlar og eventuelle bompengar, treng ikkje gå gjennom ordinær prioritering, men realiserast så snart som mogleg.

Ei eventuell utvatning av ordninga med ferjeavløysingsmidlar vil føre til ei unaudsynt trenering av naudsynte fastlandssamband og fjordkryssingar.

Atløysambandet er eit prosjekt som skil seg særs positivt ut når det gjeld inntekter frå ferjeavløysingsmidlar kontra anleggskostnader.


Kontaktperson for Sogn og Fjordane Venstre
Marit Barsnes Krogsæter, tlf. 909 98 121

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**