Venstre spør om klimaplanen i kommunestyret

I 2009 vart det fatta vedtak vedr. energi- og klimaplan i Voss kommune. I 2012 lyt ein konstatera at lite har skjedd. No vil Venstres Knut Olav Nestås høyra kva ordføraren tenkjer om saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Energi- og klimaplanen i Voss kommune er ein grundig plan med mange mål og forslag til tiltak. Likevel har den i liten grad vorten prioritert over budsjetta. Det meiner Venstre er for dårleg.

Sparepæren - 80% energireduksjon.

Foto: Jan Erik Wilhelmsen

– Eg skjønnar ikkje korleis ordføraren og dei raudgrøne forventar at me skal ha ei god måloppnåing innan planens utgang i 2013, seier Knut Olav Nestås. – Difor er eg spent på kva han har å seia. Det offentlege er jo trass alt nøkkelen her med sine prioriteringar, som fleire av føremåla er svært avhengige av.

Venstre, ved Torstein Gunnarson, vil òg spørja om korleis ein kan debattera på ein betre måte i kommunestyret. – Pr. i dag vert for få trekte med i debattar ikring interpellasjonar mellom spørsmålsstillar og ordførar. Venstre vil sjå på korleis ein kan få organisert ein betre debatt med sterkare breidde, seier Venstres gruppeleiar i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**