Dei fire Venstre-laga i Valdres tok under årsmøte til Oppland Venstre på Fagernes 12. februar initiativ til å etablere ein ny, politisk arena: Valdres Venstre eit forum for alle Venstre-laga i Valdres. Intensjonen er å vera ein paraply for det regionale partiarbeidet, ein samlings- og diskusjonsarena med debattar, føredrag og formidling av kunnskap.
– Valdres har mange utfordringar og problemstillingar å ta stilling til i tida framover: Samhandlingreformen, utbygging av lokalmedisinsk senter, infrastrukturen gjennom dalen, men òg utfordringar knytt til innovasjon og nyskaping, fråflytting, nedlegging av gardsbruk, tome gardsbruk og mykje meir. I tillegg skal vi halde motivasjonen oppe og drive godt indremedisinsk politisk arbeid i lokallaga og fram mot stortingsvalet neste år. Til det trengs mobilisering og samarbeid, fortalde Knut Aastad Bråten i Nord-Aurdal Venstre.
Det nye Valdres Venstre består per i dag av eit interimstyre med representantar frå kvart Venstre-lag: Hanne Byfuglien frå Etnedal, Gustav Fystro frå Øystre Slidre, Eivind Brenna frå Vestre Slidre og Knut Aastad Bråten frå Nord-Aurdal.