Venstre vil halde fram med ein open og demokratisk politikk og søkjer makt for å få gjennomslag for sine løysingar. Forhandlingsresultat og politisk gjennomslag for Venstre sine saker for klimatiltak, kunnskap, sosialt ansvar, personvern, toleranse og ein liberal økonomisk politikk er difor avgjerande for Venstre si deltaking i regjering, eller alternativt støtte frå Venstre til ei regjering me sjølve ikkje er ein del av.
Venstre sitt landsmøte i 2012 må gjera tydeleg ein prinsipiell opning for samarbeid med partnarar som er viljuge til å gje vesentleg gjennomslag for Venstre sin politikk. Det vil vera naturleg for Venstre å søkje samarbeid med dei andre borgerlege partia for å danne grunnlaget for ei ny regjering. Venstre bør ta ei endeleg stilling til om partiet skal sitje i regjering fyrst etter stortingsvalet i 2013. Venstre sine veljarar skal vite at partiet ynskjer å søkje regjeringsmakt, men både storleiken til dei borgarlege partia og resultatet av forhandlingar vil avgjera om Venstre skal gå inn i regjering eller vera i opposisjon.