Tenden får godt selskap med anna Venstre-kvinne med røter frå Stryn. Leiar i Venstrekvinnelaget, Åsta Årøen frå Hordaland er også gjest under årsmøtet. Som medlem i Venstre sitt velferdsutval skal ho innleie til debatt om dokumentet" Ein betre helsepolitikk for den enkelte" som er på høyring i partiet. Dokumentet skal vedtakast på Venstre sitt Landsmøtet i april.
Leiar i Unge Venstre Sveinung Rotevatn frå Eid er også tilstades under årsmøtet og vil halde innleiing til politisk debatt i tillegg til fylkesleiaren vår.
Framtidas vidaregåande skule i Sogn og Fjordane
Talet på 16-19 åringar i Sogn og Fjordane vil gå ned i åra framover. Samtidig er trongen for etter- og vidareutdanning aukande, og dei vidaregåande skulane er heilt sentrale utviklingsaktørar i sine lokalsamfunn i skjeringspunktet mellom skule og næringsliv.
Kva strategiar skal vi i denne situasjonen legge for framtidas vidaregåande utdanning i Sogn og Fjordane? Skal vi bygge ned eller satse? Sentralisere eller halde på ein desentralisert struktur? Konsentere oss om grunnoppgåvene eller utvikle skulane til «kurs- og kompetansesentra» i sine lokalsamfunn? – Dette er spørsmål vi kan stille oss og håpar på friske og gode debattar blant delegatane, held fylkesleiaren fram, – assisterande fylkesdirektør for utdanning, Per Jørgen Loen, kjem til årsmøtet søndag og innleier til debatt om framtidas vidaregåande skule i Sogn og Fjordane, avsluttar Barsnes Krogsæter.
I tillegg til debattar om mange aktuelle tema er det komme inn framlegg til fråsegner som skal handsamast av fylkesårsmøtet i Sogndal i helga.