Ny leiar i Hareid Venstre

På årsmøte onsdag 8. februar blei det valgt ny leiar i Hareid Venstre. Gunn Berit Gjerde troppa av, etter fleire aktive år i styret, medan Ann Helen Grimstad Worren tek over stafettpinnen. Vi ynskjer lukke til med arbeidet, og takkar samtidig Gunn Berit for innsatsen!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Gunn Berit Gjerde og Ann Helen Grimstad Worren

Foto: Annika Brandal

Årsmøtet vart holde på Napoli Restaurant, med kulturelt innslag og mat til. Det blei ei fin stund, med litt anna ramme rundt årsmøtet enn vi elles har hatt.

Gunn Berit Gjerde og Ann Helen Grimstad Worren

Foto: Annika Brandal

Vi gjekk gjennom vanlege årsmøtesaker, og i tillegg gjorde årsmøtet vedtak om samarbeid med Ulstein Venstre, med sikte på å slå saman lokallagsstyra. Vedtaket lyder slik:

Årsmøtet har ein intensjon om at lokallaga i Hareid og Ulstein Venstre slår seg saman. Endeleg vedtak kan først gjerast på årsmøtet for 2012 (i 2013), og det må vere tydeleg korleis ein skal organisere arbeidet, både administrativt og politisk.

Som nemnt troppa Gunn Berit av som leiar. Laksan går også ut av styret på fast plass, men fortsett som vara.

Styret for 2012:
Leiar: Ann Helen G. Worren (1 år)
Nestleiar: Annika Brandal (ikkje på val, 1 år til)
Kasserar: Sølvi Sjåstad Kleppe (ikkje på val, 1 år til)
Sekretær: Line E. Kleppe (2 år)
Styremedlem: Roger Korsnes (2 år)
Styremedlem: Ola Leiv Grimstad (2 år)
1.vara: Laksan Vijayaratnam (2 år)
2.vara: Ole Frank Bakken (ikkje på val, 1 år til)

Valkomite for neste år: Elisabeth Warpe og Gunn Berit Gjerde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**