Venstre ønskjer sykkeltunnel gjennom Eidsvågneset

Delen av reiser mellom Åsane og Bergen sentrum som blir gjort med sykkel er i dag 1 %. Grunnen er lett å forstå — anten må ein sykla på ein svært smal og utrygg veg rundt Eidsvågneset, eller over ein mini-fjellovergang til Munkebotn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Fråsegn frå årsmøtet til Bergen Venstre

Utbygginga av sykkelvegar i Bergen går for seint. Det må opprettas eit sykkelvegkontor etter modell frå Bybanekontoret, med ansvar for prosjektering og bygging av sykkelvegar. Finansiert av Bergensprogrammet.

Det kjem bybane til Åsane i 2018. Bybanen må gå gjennom ein ny tunnel i gjennom Eidsvågneset. Me meiner at dette høvet må utnyttast. Når bybaneutbygginga kjem til Åsane, ønskjer me at det samtidig kjem ein sykkeltunnel gjennom Eidsvågneset. Med ein slik tunnel på plass, blir sykling frå heim i Åsane til jobb i byen, eller omvendt, eit reelt alternativ for mange.

Venstre vil:
At det blir oppretta eit Sykkelvegkontor med ansvar for prosjektering og bygging av sykkelvegar.
At sykkeltunnel gjennom Eidsvågsneset blir prioritert ved utbygging av gjennomgåande sykkelveg mot Åsane
At sykkeltunnel gjennom Eidsvågsneset blir prioritert og bygd saman med bybaneutbygging til Åsane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**