Gruppeleiar si tale til fylkesårsmøtet

Her kan du lese Mona Hellesnes, gruppeleiar for Venstre i fylkestinget, si tale til Hordaland Venstres fylkesårsmøte 4. februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Kjære delegater og gjester. Kjære Venstrevenner!

Tusen takk! For fantastisk innsats, engasjement og entusiasme i valkampen i haust. Det resulterte i Venstre sitt beste lokalval på 40 år. I Hordaland gjorde vi eit godt val i 2007, og så gjorde vi det enno betre i 2011!

Men vi skal ikkje berre gjere gode val — vi oppnår resultat først når vi får gjennomført politikken vår – så langt som råd. For meg er det er viktig å vise kva gode Venstreval tyder i praksis — kva som er dei positive konsekvensane av vår politikk. Etter valet i haust kom fylkestingsgruppa i den situasjonen at vi kunne velje å fortsatt stå på sidelinja, eller å vere med i eit fleirtal der vi har reell påverknad på den politikken som vert gjennomført.

Alt i forhandlingane fekk vi gjennomslag. Kravet om at kollektivsatsing skulle vere ein av dei viktigaste satsingane i perioden er avtalefesta. Det betyr i praksis at samtlege parti i fylkestinget har kollektivsatsing som prioritet, noko som er historisk!

Det er og vedtatt eit handlingsprogram for kollektivsatsing i Bergensregionen som er historisk. Sjølv om vi gjerne skulle hatt med endå fleire tiltak, vil vi, med gjennomføring av det som er vedtatt, avslutte ein valperiode med reduksjon i biltrafikken i Bergen i forhold til når vi starta. Det har heller aldri skjedd før! Bybanen er alt ein stor suksess — trafikkmåla for 2015 er allereie nådd. Og vi skal bygge fleire meter ny bane dei kommande åra enn det som er ferdig so langt. For første gong skal eit bompengeprogram finansiera nesten berre kollektiv- og gang/sykkelprosjekt. Bompengar har til no finansiert i hovudsak store vegprosjekt.

Om nokon med dette trur at eg har gjort rein bergensar av meg i haust, så kan eg forsikre om at det har eg ikkje. Men ulike utfordringar krev ulike løysingar. Oppretthalding av ferjekapasiteten på Kvanndal — Utne — Kinsarvik i 2012, som er avgjerande for reiselivet i regionen, som vi fikk lagt inn i budsjettet, framleis snøggbåt i Sunnhordland og snøggbåt på anbod i Nordhordland er eksempel på saker i andre deler av fylket der vi har vore pådrivar for å finne løysingar.

Mange kjem i år til å hugse jole- og nyttårshelga for heilt andre ting enn jolefred. Diverre. Vatnet rann alle stader det ikkje hadde runne før, fjellsider raste ut og tok med seg strømkablar, hus og det som måtte stå i vegen. I staden for ein velfortent joleferie vart det lange arbeidsøkter i vanskelege forhold og for nokon med fare for eige liv og helse. Ein stor innsats for at vi alle skulle få naudsynt infrastruktur på plass igjen. Ein stor takk for den!

Desse hendingane i haust og vinter vil eg og ha med meg i den store jobben som skal gjerast dei neste månadane i samband med Nasjonal transportplan, der sikker veg og beredskapsordningar blir viktig å få med . Eit anna viktig prosjekt i denne samanhengen er Bergensbanen. Skal tog vere eit reelt alternativ til fly, må vi ha ei langt større satsing på tog mellom dei store byane våre enn det vi har hatt til no. Bergensbanen kan ikkje vente lenger, den må prioriterast i neste NTP, uavhengig av debatten om lyntog. Innspela frå fylkeskommunen veg tungt når prosjekt og midlar skal fordelast. Vi skal jobbe for dei gode Venstre-prosjekta her og!

Sjølv om fylkespolitikk er mykje samferdsle, så er det ikkje berre det. Vidaregåande opplæring er eit anna viktig område. Her har vi starta med fokus på fagopplæringa og fråfall i vidaregåande skule. I budsjettet for 2012 prioriterte vi 5 millionar som mellom anna skal gå til særleg oppfølging av dei som står i fare for å gje opp skulen. Det er og sett av ekstra midlar til undervisningsutstyr og til eit pilotprosjekt for styrking av helsesøstertenesta. Dette er eit viktig tiltak for førebygging av fråfall.

I løpet av våren skal vi handsame ei stor sak om skulebruksplan i Hordaland. Det blir ei krevjande sak. Men vi skal gjere vårt for at og denne har tydlege spor av Venstre-politikk.
Så kunne eg sagt mykje om kultur og næring og, men rekk ikkje innom alt i denne omgang. Om de vil lese meir om prioriteringane i 2012, ligg det i årsmeldinga som er sendt ut.

Som lokale folkevalde blir vi stadig minna om kva nasjonal politikk har å seie for lokalt handlingsrom. Den neste store jobben vår blir å sørgje for at Venstre får legge viktige føringar i den nasjonale politikken og. Med ei raudgrøn regjering utan ansvarleg klimapolitikk, og ein innvandringspolitikk som heile nasjonen blir pinleg berørt av, treng vi eit skifte.
Venstrerepresentantane i Bergen, Julie Andersland og Erlend Horn, sa det så godt i BA tysdag i denne veka:

Venstre vil gå til val på å vise at det finnes gode alternativ til den politikken de raudgrøne regjeringa fører. Ikkje berre på områda miljø og innvandring, men og på personvern, velferd, næringspolitikk, lokaldemokrati og helse. Vi vil føre en positiv valkamp som ikkje stenger ute nokon som kanskje vil vere med på eit slikt prosjekt.

Eg ønskjer meg, og har tru på, ei blågrøn regjering ved neste val. Som løfter fram bedrifter som satsar på klima- og miljøvennleg teknologi, som fører ein human innvandringspolitikk, og som trur på lokaldemokratiet.

Statsminister Jens Stoltenberg uttalte i debatten rundt Maria Amelie at det var nødvendig å stå opp for systemet. Venstre står opp for enkeltmennesket — vi setter folk først!

Eg vil avslutte som eg begynte, – med å takke. Eg vil takke Harald Hove for den jobben han har gjort som gruppeleiar for fylkestingsgruppa i 16 år. Harald og dei han har hatt med seg, har representert partiet på ein god, ryddig og skikkelig måte. Det gav oss eit solid fundament og utgangspunkt for den jobben vi er i gang med. Eg skal gjere mitt beste for å bygge vidare på dette solide fundamentet.

Eg ser fram til gode og konstruktive årsmøte forhandlingar i lag med dykk alle!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**