Arbeidsgruppe mot vindparkar i Setesdal
4745 Bygland
NVE v. Hilde Aass
Pb. 5091
Majorstua
0301 Oslo
Innvendingar mot planlegging av Hovatn Aust Vindpark
Vi viser til melding om planlegging av Hovatn Aust Vindpark i Bygland kommune, og vil i den samanheng leggje fram argument som talar mot at utbyggjar arbeider vidare med planen. Synspunkta har blitt drøfta i ei arbeidsgruppe som er mot vindparkar i Setesdalsheiene, og sendt ut for underskrift til grunneigarar som eig i sjølve planområdet og i området rundt, og elles til personar som har synspunkt på dette prosjektet.
1. Kommuneplanen
Kommuneplanen 2011 2022 for Bygland kommune blei vedtatt i kommunestyresak 18/11, 22.02.2011. Om den aktuelle problemstillinga står det på s. 26 under: «1.4.4 Kraftverk / fornybar energi: Kommunen er positiv til småskala kraftproduksjon i mindre vassdrag og til å vurdere vindmøller frå vindmølleparkar, så sant dette ikkje virkar øydeleggjande på miljø eller kulturlandskap.» Å byggje 65 vindmøller – om lag 150 m høge inkludert rotorblad – på eit 8000 dekar stort høgfjellsområde, ca 900 m.o.h, – kan umogleg vere i tråd med gjeldande plandokument, utarbeidd administrativt og vedteke politisk i Bygland kommune. Her meiner vi at konsulentfirmaet Hybrid-Tech har feiltolka, i beste fall sterkt overdrive, intensjonane i kommuneplanen.
2. Villreinen; nasjonale og internasjonale plikter og ansvar
Vindparken er tenkt i eit område som er mykje omtala med omsyn til villreinen. Området har status som Nasjonalt villreinsområde, og det vil også bli ein del av den planlagde europeiske villreinregionen (Heieplanen). Gjennom den internasjonale avtalen (Bern-konvensjonen), som Noreg har forplikta seg til, har me sagt ja til internasjonale målsettingar om å sikre villreinen sine leveområde. I Heieplanen står det at «[i] dag utgjør villreinen i Norge siste rest av denne arten i Europa, og stammen i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiene og Setesdal Austhei er den sørligste forekomsten. Disse heiområdene utgjør dermed de sørligste fjellområdene i Europa med intakte høyfjellssystemer som inkluderer villreinen» (Heieplanen s.6).
Sentrale rapportar frå Norsk villreinsenter (NVS) understrekar villreinen sine krav til habitat. I rapport 6 / 2010 heiter det: «Arealbruken til villreinen er i hovedsak styrt av krav til viktige funksjonsområder (kalving, trekk, brunst), beite og risiko predasjon og forstyrrelse)[ ]. Villrein i store sammenhengende fjellområder som Setesdalsheiene, overlever gjennom en nomadisk livsførsel, hvor beiteressursene utnyttes til forskjellige tider av året.» Vidare sitat: «Bygland er den sørligste kommunen med areal både i Vesthei Ryfylkeheiene og på Austheia. På Austheia er det kalvingsområde nord og øst for Hovatn. Samme område brukes av fostringsflokkene til sommerbeite.» På side 45 i same rapport er dei konkrete trekkrutene dokumenterte. Dette er berre eit lite utdrag av omfattande rapportar.
Utbyggingsplanane omfattar 65 vindmøller i eit område på 8000 da., og det inneber i tillegg eit omfangsrikt nettverk av heilårs driftsvegar, og jamn ferdsel til alle årstider. Konsekvensane av eit slikt inngrep er i konflikt med villreinen sine krav til habitat, og er såleis ikkje i samsvar med overordna konvensjonar, internasjonale avtalar eller nasjonale målsettingar. Det lovfesta omsynet til villreinen har vore argument når grunneigarar fått avslag på søknad om å bygge hytte i det aktuelle området. Ein slik lovpraksis samsvarer ikkje med utbyggingsplanane. Handsaming av lovverket må vere konsistent.
3. Fuglelivet
I utbyggingsområdet og i omliggjande område har ornitologiske fagmiljø registrert fylgjande fugleartar: Hubro, jordugle, perleugle, kongeørn, falk, hauk, samt kvitryggspett og dvergspett. I 2011 blei det også merka to ungar av hubro. Dette er artar som blir definerte som sårbare og svært sårbare, og som difor er omfatta av eit særskilt vern. Dette området er dessutan trekk- og leveområde for rype og orrfugl. Å byggje vindmøllepark i dette området vil innebere inngrep som kan ha store negative konsekvensar for artsbestanden. Det er viktig å sjå denne delen av vår sårbare fauna i samanheng med mellom anna dei farane som roterande vindpropellar representerer.
4. Verneomsyn
Aust- og Vest-Agder har bidratt mykje i den nasjonale energirekneskapen når det gjeld å skaffe grøn energi. Dette gjeld ikkje minst dei store vasskraftutbyggingane som har gått føre seg frå tidleg på 60-talet og fram til no. Tovdalsvassdraget er det største attverande vassdraget i Sør Noreg som ikkje er regulert, og dette vassdraget er verna. I tillegg er det eit verneområde langs den øvre delen av vassdraget (Årdalen), ikkje langt frå den planlagde vindmølleparken. Med ein vindmøllepark som næraste nabo, vil desse verneområda bli sterkt forringa. Olje- og energiminister Ola Borten Moe understrekar "at naturhensyn skal veie tungt når søknader om nye utbygginger behandles[ ]" (DN 16.12.2011). Slike omsyn må også gjelde for dette tilfellet. Denne problemstillinga underbyggjer òg behovet for ein samla, heilskapleg energiplan for heile regionen for å hindre skeivfordeling og overbelastning av enkelte område. Det er ikkje rimeleg at denne delen av regionen skal ofre endå meir av ein natur og eit kulturlandskap som femner om så mange verdiar.
5. Allemannsretten
Allemannsretten har tradisjonelt stått sterkt i Noreg. Utbyggingsområdet er eit høgfjellsområde som både fastbuande, hyttefolk og fotturistar ferdast i og har stor glede av. Lyden av 65 vindturbinar og synet av dei same vindmøllene vil i stor grad forringe den naturopplevinga dette snaufjellet kan gi i ein slik grad at det går på tvers av allemannsretten.
Vindmøllene vil ha rotorblad som ragar om lag 1100 m.o.h.. I høgda vil innlandsvinteren ha låge temperaturar. Dette kan innebere ising på rotorblada, med kasting av is som konsekvens. Denne problemstillinga peikar også NVE på i sin rapport 3/2003. Iskasting kan truge tryggleiken til folk som er i området, og såleis også truge allemannsretten.
6. Grøn energi – meir enn vindmøller
EU-direktiv og nasjonale mål knytt til grøn energi handlar om meir enn vindkraft og vindmøller. Eit sentralt moment er at det er ønskjeleg å erstatte energi frå fossile kjelder med fornybar energi. Å skaffe fornybar energi er ikkje eit miljøvenleg i seg sjølv, men er først eit miljøtiltak når det erstattar energikjelder som ikkje forureinar. Det er ikkje sagt om den tenkte vindmølleparken ved Hovatn skal erstatte andre ikkje-fornybare energikjelder, eller om prosjektet snarare peikar mot auka energikonsum.
For den økonomiske sida av saka, er det mykje som tyder på at vindkraft ikkje er lønsamt. På Nordvestlandet trekkjer investorane seg ut av vindkraftprosjekt på grunn av dårleg økonomi i vindkraft. Argumentet er at vindturbinane er på veg ut fordi kostnadene er for høge og inntektene for små og usikre. I Danmark varslar vindmølleselskapet Vestas store nedskjeringar; 1300 arbeidsplassar i Danmark skal vekk – 2335 arbeidsplassar på verdensbasis. I USA står 14000 vindmøller og forfell. Ved Hovatn vil store ekstrakostnader med snørydding i vinterhalvåret i tillegg vere fordyrande. Om den tenkte vindmølleparken skulle vise seg å vere ulønsam, vil dette naturområdet aldri kunne blir ført tilbake til sitt opphavlege – til det vil inngrepa vere for store.
I NVE sin eigen rapport om vindøkonomi står det at «[e]t første skritt i dette arbeidet har vært å kartlegge de fysiske vindressursene langs kysten (Lindesnes til den russiske grensen) hvor de beste vindforholdene antas å være» (NVE rapport 3/2003 s.7), og utgangspunktet til NVE er at det største økonomiske vindpotensialet ligg på Vestlandet.
I energifaglege miljø er det klart at vindmøller er mindre effektiv samanlikna med vasskraftverk. Det er stort potensiale i å ruste opp gamle og nedslitne vasskraftverk. I tillegg er ny teknologi stadig under utvikling. Eit anna spørsmål er også om den europeiske kraftsituasjonen krev at vi må øydeleggje store naturområde for ei forholdsvis lita kraftutvinning når kjelder med sikrare framtidsprognosar er på trappene, og krav om straumsparing i Europa truleg vil gje kraftoverskot.
Avsluttande kommentar:
Denne rekkja av argument og kritiske innvendingar meiner vi at bør vege tungt når NVE no skal ta den første vurderinga av den framlagde planen frå Hybrid-Tech. Særleg vil vi understreke det ansvaret vi har for at komande generasjonar skal få oppleve den eigenverdien dette naturområdet utan fysiske inngrep representerer.
Bygland 24.01.2012
Anne Grete Haugå Annemor Sundbø Anne Elisabeth Fjose Birgit Aakhus
Knut G. Austad Elisabeth Limann Hind Røynesdal Torhild Austad