Nord-Heggdal barnehage fekk ny sjanse

Barnehagen i Nord-Heggdal blir ikkje lagt ned frå 1. april, men talet på søknader til neste opptak blir avgjerande for barnehagen si framtid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Saka om vidare drift eller nedlegging av Nord-Heggdal barnehage vart handsama av Midsund kommunestyre den 26. januar, etter at administrasjonen har greidd ut saka på svært kort tid. Kommunestyret vedtok at saka skal greiast ut den 15. desember, sidan har saka vore ute på høyring før formannskapet mot Venstre si stemme gjekk inn for nedlegging 16. januar. Venstre si kommunestyregruppe var før møtet den 26. januar klar over at Senterpartiet kanskje ville snu og gå mot nedlegging, men det meste såg ut til å gå i feil retning, sett med våre auge.

I kommunestyremøtet argumenterte Senterpartiet mot nedlegging og la fram eit forslag som var svært likt det Venstre hadde tenkt å legge fram. Forslaget gjekk ut på å vente med å ta ei avgjerd til ein ser kor mange som søker ungane sine til Nord-Heggdal barnehage ved neste hovudopptak. Dersom det er søknader nok til å drive ei avdeling skal barnehagen bestå, viss ikkje blir han lagt ned. Saka ber preg av hastverk, dei som kjempar for barnehagen bør få høve til å vise at han har ei framtid, og ei nedlegging går på tvers av det kommunestyret bestemte då dei vedtok å bygge Gjerdet barnehage med 5 i staden for 4 avdelingar.

Forslaget fekk støtte frå KrF i tillegg til Venstre, dermed såg det ut til å gå mot nedlegging med 9 mot 8 røyster. Det vart bede om gruppemøte før avrøystinga, etter gruppemøtet la Høgre fram eit fellesforslag frå Høgre og FrP som var omtrent identisk til forslaget frå Senterpartiet, og med mykje av den same grunngjevinga. Det var dermed klart at barnehagen var berga i denne omgang, avstemminga viste at Høgre/FrP sitt forslag vart vedteke med 9 mot 8 stemmer.

Kva som var forskjellen på dei to forslaga? Han som skriv har ikkje teksten i dei to forslaga framfor seg, men H/FrP sitt forslag seier at 10 søkarar skal ha Nord-Heggdal som første prioritet, Sp sitt forslag seier at det skal vere grunnlag for å drive ei avdeling i Nord-Heggdal. Kvifor Høgre og FrP ikkje ville støtte Sp sitt forslag når dei to forslaga var så godt som like? Veit ikkje.

Til slutt bør det også nemnast at kommunestyret med 9(H/FrP) mot 8(V/Sp/KrF) røyster vedtok at huset skal leggast ut for sal dersom barnehagen blir lagt ned. Med dette bryt ein ein lang tradisjon i Midsund, det har i alle år vore vanleg å overlate gamle skulehus til bygdefolket.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**