Jan Kløvstads innlegg var:
Endring av kommunens innsats for unge arbeidssøkere,
skulle ha vore tittelen på denne saka. Det å arbeide FOR noen er atskillig meir forpliktande enn å arbeide I FORHOLD TIL noen.
Og det er grunn til å legge alle gode krefter i å arbeide FOR unge arbeidssøkarar. Det aller viktigaste i denne saka står på side 2 i sakspapiret:
"Det er over 500 arbeidssøkere i aldersgruppen 19-25 år og 100 arbeidssøkere i aldersgruppen 16-19 år. Av de over 500 arbeidssøkerne mellom 19 og 25 år er over 200 definert med et behov for spesielt tilpasset og helhetlig tilbud. I tillegg trenger 150 "noe bistand"."
I komiteen fekk vi orientering frå fagfolk i NAV og i enheten for psykisk helse og rus og jussnettverket, og vurderinga av arbeidet som eg skal kome tilbake til er gjort i nært samarbeid med tidlegare dagleg leiar på His senter.
Vi har hatt eit tilbod under namnet His Senter frå år 2000 på gamle Fagerheim skole på Hisøy, der Arendal Internasjonale Skole nå held hus i første etasje og noen brakker på skoleplassen. Tilbodet har utvikla seg undervegs, og det har vore fleire endringar også i organiseringa. For eksempel blei det treårige prosjektet "Velkommen til fellesskapet"fusjonert med His senter etter endt forsøksperiode.
His senter har vore organisert i sosialtjenesten, rådhusenheten, NAV og frå 2009 til nå i eininga Psykisk helse og rus.
I mai 2011 fekk bystyret melding om at ulike alternativ for vidare drift blei vurdert, og eit samarbeid med ProFlex blei nemnt. Rådmannen orienterte om samarbeidsavtale med ProFlex frå 1. juni og ut året. Ei slik ordning ville sikre ein overlappingsperiode siste månaden tidlegare dagleg leiar var i stillinga, og også gi mulighet for å vurdere vidare driftsform i løpet av hausten.
Denne vurderinga, med konkrete forslag, er det vi har fått nå. Først evalueringa, som er gjort grundig med analyse av styrke, svakheter, muligheter og truslar. Konklusjonen er at det er ei tid for alt. "His senter er ikke blitt den tilbyder av tjenester til NAV som forventet. Dette har medført at inntektsgrunnlaget ved His senter ble lavere enn budsjettert. Tilbudet fungerer som en myk start for enkelte deltakere, og veiledningstilbudet fungerer tilfredsstillende. Samtidig gir arbeidsaktiviteten i liten grad deltakerne motivasjon og økte forutsetninger for å komme i ordinært arbeid. En del deltakere opplever tilbudet som noe de må delta på for å få stønad, uten at de ha målsetning om noe videre. Generelt er det for lite fokus på helhetlig tilnæring og progresjon for deltakerne ." Det blir konkludert med at "det nå er behov for en mer helhetlig tilnærming hvor deltakernes ressurser/utfordringer, progresjon og mestring er sentralt."
I klar tekst: Vi må skifte spor. Det er stadig færre arbeidsplassar for ufaglærte ungdommar av begge kjønn, og stadig hardare krav til fagbrev, svennebrev, eksamen, fagkunnskap.
NAV i Arendal har starta prosjektet "Det er nå det gjelder". NAV har dette som eit prosjekt "i forhold til" utfordringene med ungdom. NAV skal gjere noe konkret FOR og MED ungdommen, ikkje berre det meir uforpliktande "i forhold til utfordringene med ungdom". Språket er viktig også her. Vi som kommune må halde NAV og andre i øyrene, så dei arbeider FOR, ikkje rundt omkring dei som treng hjelp og støtte.
Likevel er det positive tankar og ønske om konkret handling frå NAV. Som det står i sakspapiret er det ønskeleg at Arendal kommune etablerer ei såkalla ressurslinje der målet er utdanningsløp eller ordinært arbeid. Det er viktig å starte tidleg og arbeide heilt konkfet med kvar enkelt ungdom.
Fase 1 skal gi eit fagleg innhald med motivasjon og mestring av daglege gjeremål med tanke på ein framtidig skole- og arbeidssituasjon. Etter endt tiltak skal deltakaren ha ein truverdig og realistisk plan for korleis ho eller han skal kome i arbeid utfrå auka innsikt i eigne ressursar, ønske, muligheter og hindringar. Og dette skal kvalitetssikrast av kontaktperson i NAV.
Fase 2 er å følgje opp deltakarane på praksisplassar i Arendal kommune eller på annan arbeidsplass. Denne fasen med individuell støtte og oppfølging skal gi kunnskap, sjølvtillit og erfaring til å styrke sjansane for vanleg arbeid.
Juristane våre har undersøkt om ProFlex kan ta over aktiviteten utan å sende ut på anbod, utfrå Lov om offentlige anskaffelser. Konklusjonen er ja.
Dei tilsette på His senter som fyller kvalifikasjonskrava blir vurdert for stilling på Proflex og dei andre blir ivaretatt i kommunen som overtallige. Tillitsvalte har ønskt å ha blitt involvert tidlegare i prosessen.
Vedtaksforslaget, som er einstemmig tilrådd av både arbeidsmiljøutval, administrasjonsutval og helse- og omsorgskomiteen er at
"His senter avvikles og Arendal kommune inngår samarbeidsavtale med NAV Arendal om å etablere en ressurslinje for unge arbeidssøkere hvor målet er utdanningsløp eller ordinært arbeid.
Arendal kommune inngår avtale med med ProFlex AS om kjøp av ovennevnte tjenester under forutsetning av at kostnadene ikke overstiger dagens vedtatte budsjettramme til drift av His senter.
Fremforhandlet avtale fremlegges formannskapet for godkjenning."
Og så kom det noen tillegg i komitebehandlinga:
Einar Krafft Myhren, Sosialistisk Venstreparti, foreslo logisk å endre fremforhandlet avtale til "fremforhandlede avtaler", sidan det skal lagast avtale både med NAV og ProFlex. Og det var heile komiteen samde om. Krafft Myhren foreslo også eit tilleggspunkt:
Vedtaket settes i verk når avtalene er godkjent. Også det blei einstemmig vedtatt.
Line Haugland, Arbeidarpartiet, hadde to tilleggsforslag. Det første var
"Adekvat opparbeidet kompetanse og erfaringer fra His senter tas med videre i det nye prosjektet, uavhengig av de ansattes videre arbeidsoppgaver i kommunen." Dette blei vedtatt med 6 mot 5 stemmer.
Det andre forslaget var at
"Helse- og omsorgskomiteen mottar jevnlige tilbakemeldinger på situasjonen, samt utvikling og gjennomføring av det nye tilbudet." Dette blei vedtatt med 10 mot ei stemme.
Og endeleg var heile komiteen samde om eit forslag som underteikna på vegner av Venstre foreslo skulle følge saka: "Bystyret ber rådmannen ta kontakt med Arendal International School for samtaler om bruk av de ledige lokalene etter His senter."
Det var behandlinga i komiteen, og så går eg over til å seie noen ord på vegner av Venstre:
——————————————————————————————————
500 arbeidssøkarar i aldersgruppa 19-25 år og i tillegg 100 arbeidssøkarar mellom 16 og 19 år er alvorlege tal og alvorlege utfordringar både for oss som kommune, og særleg for kvar og ein av desse 600 unge jentene og gutane. Over 200 av dei mellom 19 og 25 år er definert som å ha behov for spesielt tilpassa og heilheitleg tilbod, og i tillegg treng ytterlegare 150 "noe" bistand.
I neste sak i kveld får vi tilstandsrappoprt for skolen i Arendal. Venstrekollega Cathrine Høyesen Hall i oppvekstkomiteen har bedt om nærmare orientering om eit avsnitt i tilstandsrapporten som er viktig å ta inn over seg også i denne saka. Eg siterer:
"Andelen elever som får spesialundervisning i kommunen høsten 2011 er 9,1 % av elevene. Det nasjonale snittet er 8,6 %. I Arendal er 40 % av disse elevene jenter mot kun 25 % nasjonalt. (!) Det har vært en økning på 13,5 % av jenter med spesialundervisning i Arendal fra 2010 til 2011."
Med andre ord: situasjonen for arbeidslause jenter og gutar i 19-25 årsalderen lar seg ikkje løyse frå den dagen dei fyller 19 år. Her er det store arbeidsoppgåver heilt frå første dag i barnehagen, – og også før det. His senter har hatt veldig få jenter, og her kjem det dessverre større behov framover.
Eg trur ordninga med ProFlex er ei god løysing. Fagfolka våre går inn for det, og vi fekk solid orientering i komiteen.
Når eg var i mindretal i komiteen i voteringane om forslaga frå Arbeidarpartiet har det to grunnar: Eg meiner det er viktig å ta godt vare på dei tilsette. Det er viktig å ta vare på erfaringar og kompetanse vidare. Men slik forslaget først var forma var det heilt i strid med den fornyinga som er nødvendig. Og gjennom fleire omarbeidingar blei det berre igjen at det burde vere for eksempel ein 20 minutts samtale med kvar enkelt. Eg har tillit til tilsette, til arbeidsleiarar og einheitsleiarar og samspelet mellom desse. Så eg synest ikkje det er nødvendig å vedtaksfeste noe så sjølvsagt. Forslaget kom ikkje Arbeidsmiljøutvalet som skal ta seg av arbeidsmiljøet, og heller ikkje som konkret forslag i Administrasjonsutvalet som er partssamansett med arbeidsgivarar og tillitsvalte.
Det andre forslaget frå Arbeidarpartiet blei vedtatt med 10 mot ei stemme, og eg var den einaste som stemte mot. Det var eit forslag om å få jamnlege tilbakemeldingar, og så argumentert med at det ikkje bør vere så ofte og at det berre skal vere om det skjer noe spesielt som dei folkevalte bør få vite om. Som forsamlinga her veit er Venstre opptatt av å ikkje kvele folk i byråkrati. Vi er urolege for denne tendensen til å pålegge alle ledd i organisasjonen meir meldeplikt enn dei alt har. Vi får jo tertialrapportar tre gonger i året, vi får årsmelding, og vi har alle sjansar til å stille spørsmål og grave rundt sjølve også. I komitebehandlinga tok diskusjonen om desse kontrollpålegga i denne saka så lang tid at komiteen måtte droppe behandlinga av tertitalrapportane, – som faktisk inneheld veldig mykje viktig informajsomn frå dei tilsette til oss som folkevalte.
Vi må vere forsiktige så vi ikkje skyver mykje av arbeidstida til dei tilsette vekk frå menneskeleg kontakt og over til papir og dataskjermar. Vi skal ha den tilliten til dei tilsette vi er arbeidsgivarar for. Venstre vil ha varme hender i aktivt arbeid, ikkje for mykje skjerm, papir og meir kontrollregimer enn det gode kommunetilsettte alt er plaga med. Eit papirkrav her og eit papirkrav her, det blir tidstjuveri. Taparane blir dei som skal ha konkret hjelp, støtte og omsorg av den enkelte dyktige kommunetilsette.
Så er eg glad for at ein samla komite støtta forslaget mitt om å be rådmannen snakke med Arendal International School om bruk av dei lokala som blir ledige. Dagen før komitemøtet var ordføraren på skolen med blomster, kunne vi lese i avisene. Ordføraren spådde stor elevauke utfrå mykje internasjonal rekruttering til næringslivet i distriktet. Og da treng skolen meir plass enn den har nå i ein trang førsteetasje med ikkje heilt helsefremmande bomberom aktivt i bruk og brakker ute på skoleplassen. Bystyret bør bidra til at elevane i den internasjonale skolen får eit best mogleg liv også i privat skole. Og det gjekk som sagt ein einstemmig komite inn for.
Seinare i debatten stilte Robert Cornels Nordli, Arbeidarpartiet, og Jan Kløvstad eit felles forslag:
“Bystyret ønsker å få fram forslag som gjør at flere ungdommer kan få tilbud om arbeidstrening og lignende.”
I avstemminga blei det meste samrøystes vedtatt, mens Venstre kom i mindretal da vi stemte mot forslaget frå Arbeidarpartiet om tilbakemeldingar, eit forslag vi som nemnt oppfatta som unøvendig byråkjrati.