Vegvesenet foreslår ein god trasé for E18

– Venstre håpar vi kan samle oss einstemmig i både Arendal bystyre og Tvedestrand kommunestyre om Vegvesenets forslag om trasé for ny E18,

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


sa Jan Kløvstad i bystyresalen i dag etter vegvesenets presentasjon for bystyret i Arendal i dag.

Forslag til ny E18 Tvedestrand-Arendal

Forslag til ny E18 Tvedestrand-Arendal
Foto: Statens Vegvesen

Venstre er godt nøgd med den foreslåtte traséen. Forslaget gir gode løysingar for å skille gjennomgangstrafikk og lokaltrafikk, held seg unna verdfull dyrka mark, område med stor kulturhistorisk verdi, styrer unna die viktigaste friluftsområde nordaust for Arendal sentrum og med unnatak for hus som ligg heilt tett inntil dagens E18 gjennom Sprøkilen er også bustadmiljø spart på heile strekninga. Når vegvesenet i tillegg legg opp til støyskjermar, legg vegen djupt i terrenget og vil ha miljøtunnelar for både friluftsliv og vilt, er det grunn til å vere optimistar.

Nå skal planen ut på høyring, og Venstre håpar at denne høyringa fører til at vi kan samle oss om den foreslåtte traséen, seier Jan Kløvstad, som har følgt saka på vegner av Venstre og bystyret dei siste 5-6 åra. Han legg til at målet nå er å få redusert tal ulykker frå svært høge og alvorlege tal på dagens E18 til null.

At planforslaget kjem dagen etter at det er lagt fram ein rapport som viser at den mest aktuelle strekninga for høgfartstog i Norge er strekninga Oslo-Stavanger gir oss grunn til å vere optimistar i landsdelen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**