Uttale frå årsmøtet i Bø Venstre, den 24. januar 2012

Regjeringssamarbeid etter valet i 2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Bø Venstre oppfordrar på det sterkeste til at Venstre tek stilling til evt. regjeringssamarbeid først på landsmøtet i 2013, slik opphaveleg plan var.

For Venstre må gode demokratiske prosessar og brei debatt vera grunnlaget for alle store politiske vegval. Viktige og omstridte prinsipielle saker må gjevast ei solid forankring i heile partiorganisasjonen, frå lokallag via fylkeslag, sentralstyret, landsstyret og landsmøtet. Det gjev tilhørighet, tid til refleksjon og eit levande demokrati. Dette er grunnleggande for eit resultat som alle kan akseptere anten dei er for eller mot ei sak.

Dette har ikkje skjedd i spørsmålet om korleis Venstre skal stille seg til regjeringssamarbeid etter valget i 2013. Vi finn det sterkt beklageleg om ein vil presse denne saka fram til avgjerd på landsmøtet i 2012 utan at det har blitt lagt opp til debatt og forankring av eit viktig og omstridt vegval i heile partiorganisasjonen. Vi ønskjer at det blir lagt opp til ein debatt med fleire alternative scenarier før Venstre tek stilling til regjeringsspørsmålet. Uten ein slik grundig debatt, fryktar vi at den gode trenden for Venstre på ny vil få ei negativ utvikling både når det gjeld medlemstal og oppslutning.

Det er muligheten for å gjennnomføre Venstre sin poltikk som må vera grunnlaget for diskusjonen om regjeringssamarbeid. Pr. i dag kan vi ikkje sjå korleis det kan gjennomførast dersom vi går inn i ei regjering sterkt prega av FrP. Bakgrunnen er det opplagte store gapet mellom V og FrP i ideologi og verdispørsmål, noko som også gir seg tydelege utslag i mange konkrete politiske saker. I for eksempel miljø- og innvandringspolitikken kjem dette særlig godt til syne. Venstre har alltid stått for ein politikk basert på å vera trufast mot verdival og ikkje la seg rive med av populistiske trendar og lettvinte argument. Vi vil bygge politikk på kunnskap og på respekt for menneskeverdet.

Bø Venstre vil :
at Venstre skal stå for ein ambisiøs miljøpolitikk, ein anstendig innvandringspolitikk, ein varm velferdspolitikk og ein god kulturpolitikk.
at Venstre skal ha ei brei og grundig debatt i heile organisasjonen før spørsmål om regjeringssamarbeid blir avgjort.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**