Eid Venstre har i løpet av siste året meir enn dobla medlemstalet, og fekk heile 13 representantar i kommunestyret etter valet i september 2011. Eid er den kommunen i Noreg der Venstre har størst prosentvis oppslutnad, med 43,9% av røystene under haustens val. Venstre har også ordførar og varaordførar i Eid.
På festkvelden laurdag kveld for å feire valresultatet er også gjester frå Sogn og Fjordane Venstre og dei andre Venstre-laga i Nordfjord og Søre Sunnmøre invitert. Festkvelden blir arrangert på Nordfjord Hotell kl 20. Årsmøtet i Eid Venstre finn stad same stad kl 18.
Trine Skei Grande kjem til Eid ca kl 13 laurdag 28/1. Alle er velkomne til å treffe Trine under bedriftsbesøk i Eidsgata mellom kl 15 og 16. Der vil ho m a besøke ei gruppe kvinnelege gründerar som kallar seg «Kreative kvinner», og Hildenes Gartneri som har investert stort i miljøteknologi for å kutte straumforbruk og kostnader for bedrifta.