Referat frå siste møta i kommunale utval

Møte i politiske utval er i gang att etter nyttår. Få ei mellombels oppdatering her!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Utval for miljø og kultur (MKU) rådde i møtet 12.01, med 5 mot 4 røyster, til å venta ytterlegare eitt år med laksefiske i Vosso. Venstres repr.; Anne-Jorunn R. Møen var i fleirtalet. MKU tilrådde same prioritering av spelemidlar som Voss idrettsråd — men lista er svært så lang!. Elles synest det no å losna litt med dei gamle Venstre-framlegga om å oppretta eit kulturråd, og får ein samla kulturplan.

Kultur, teater

Foto: Microsoft

Formannskapet/Utval for plan og økonomi (FPL) hadde møte 19. jan.. Lengst debatt blei det om nedlegging av den kommunale turistinformasjonen (i kulturhuset) og samanslåing/samordning med Destinasjon Voss. Fleire alternativ var presentert i saksutgreiinga. [b]Alle i FPL ønskte utgreidd ei samordning, men fleirtalet, dvs. dei raudgrøne, vedtok alt no (!) å avvikla Voss turistinformasjon Venstre støtta same alternativet for vidare utgreiing, men meinte at avvikling først kunne vurderast når alternativet/utgreiinga låg føre! Krf og H støtta dette.

Voss Venstre jobbar òg med fleire fråsegner både lokalt og til Hordaland Venstre – meir om dette seinare!

For meir informasjon, eller har du innspel, ta gjerne kontakt med oss!

Beste helsing

Torstein Gunnarson; gruppeleiar (91171590) Knut Olav R. Nestås, leiar Voss Venstre (41206132)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**