Årsmøtefråsegn – Ein trygg veg E39

Årsmøtet til Stord Venstre 16.01.12 vedtok fråsegn om at tryggleiken på vegane ikkje må oversjåast. E39 er ein veg med eit stort behov for utbetring ift tryggleik. Stord Venstre meinar at midtrabattar er det einaste tiltaket som gjer varig betring.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Det hastar å få bygd E39 til ein tryggare veg, og der vil Venstre satsa på midtrabattar. Me vil få til det ein har gjort i Rogaland. Det har vore alt for mange dødsulukker og alvorlege skader.

Stord Venstre håpar at dei andre partia er med på å fremma eit forslag, det er inga kontroversiell sak, men den er framleis utruleg viktig. Me må få midtrabattar over E39 på Stord inn i nasjonal transportplan når den skal ut på høyring.

På Stord Venstres årsmøte, den 16.01.12 så fremma Geir Angeltveit denne fråsegna, som går ut på tryggleik og midtrabattar. Denne teksten var også på trykk i Sunnhordland som lesarinnlegg den 23. Januar 2012.

Midtdeler

Foto: Statens Vegvesen

Ein trygg E39

I statsbudsjettet for 2012 er det ikkje tildelt ei krona til midtrabattar i Hordaland, medan det vert bygd 17km midtrabattar på tvers av landet. Alle som bur i regionen vår er kjend med behovet for ei betring, og no må noko gjerast.

No skal nasjonal transportplan snart ut på høyring, Stord Venstre vil gje tilbakemelding om at prosjektet med ferjefri kyststamveg (Hordfast) vert innført i nasjonal transportplan. Me ynskjer at det også vert ein trygg veg.

E39 over Stord er statistisk sett ein av dei farlegaste strekningane i Hordaland i høve trafikkulukker. Ser ein til andre land eller andre fylke så har midtrabattar hatt stor effekt. Det har vore alt for mange ulukker på E39. Me treng å få fortgong i arbeidet med ein trygg og ferjefri kyststamveg. Omsyn til tryggleik i trafikken gjer at me må byggja midtrabattar heile vegen over Stord.

Vegvesenet satsar på riller/midtlinjemerking som standard for å minska ulukkesrisikoen. Desse såkalla «Sinusrillene» er 50cm breie skiljelinjer med riller i asfalten, dei skal vekka trøyte og ukonsentrerte sjåførar på veg over i motsett køyrefelt. Landsforeininga for trafikkskadde seier at midtrabattar er det einaste som hjelp. Det ser Stord Venstre også.

Det er med god grunn at dei meist fareutsette vegstrekningane på tvers av Europa vert skild med midtrabattar; i våre naboland, og nokre fylkjer her i Noreg. Ein må få fart i betringa av trafikktryggleiken i Hordaland også, og då skrik behovet hjå E39 på Stord høgt.

Dette er inga kontroversiell sak, men den er utruleg viktig! Stord Venstre håpar at dei andre partia kan vera med Venstre å senda inn ei samrøysta tilbakemelding på høyringa, der ein seier klart og tydeleg frå om behovet for midtrabattar over Stord, og vil gje ei klår og tydeleg tilbakemelding om at no er det på tide å utbetra denne vegen.

Stord Venstre
v/ Geir Angeltveit

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**