Marit er glad for å bli vald som ny leiar, og vil arbeide for at lokallaget skal halde fram med det gode arbeidet i kommuna. «Vi i Venstre synes det er viktig å sette folk føre system, og det er ein viktig tanke no når Samhandlingsreforma slår inn for fullt.» seier Marit Vik.
I tillegg til ny leiar var det på årsmøtet val til styret i Giske Venstre.
Det nye styret ser slik ut:
Marit Vik, leiar
Runa Godø Sæther, nestleiar
Svein Gjøsund, kasserar
Britt Dagny Nikolaisen, sekretær
Ole Furnes, styremedlem
Britt Giske Andersen, styremedlem.
Det var både nye og gamle medlemmer som møtte denne kvelden, og årsmeldinga viser eit aktivt lokallag og fire engasjerte politikarar i kommunestyret.
Det var etter årsmøtet medlemsfest med god Bacalao og underhaldning, mellom anna av dei to Unge Venstre medlemmane Jon Åge Giske Andersen og Jim Andrè Gjerde.