Gjennom eit grundig arbeid, samarbeid og samspel/motspel med grunneigarar, Fylkesmannen og Miljøverndepartementet har Tvedestrand laga ein strek for heile kystlinja si. På den eine sida av denne streken er det lov å bygge, sjølv om det er innanfor 100-metersgrensa. På den andre sida er det friområde, LNF-område og areal som skal vere urørt "i evig tid".
Arendal har venta på godkjenning av pionerarbeidet i Tvedestrand. Nå er det på tide å overføre Tvedestrandsmodellen til kystlinja i Arendal. Målet er å sikre alt verdfullt areal for framtida, og å konsentrere utbygging med fortetting der det alt er nedbygd.
Dyvika-Gartha
Venstre meiner vi skal begynne med området Dyvika-Gartha, medrekna Saltrød og Eydehavn. På denne strekninga er det alt mykje nedbygd, og der kan det fortettast. Det er eindel urørt samanhengande mark, og der skal vi halde oss unna. Vi får ny flott skole på Stuenes. Det er behov for nybygging og for attraktive bustadfelt som gjer at folk vil bygge på Saltrød og Eydehavn. Vi kan styrke levekåra i denne delen av kommunen. Ny E18 med tilførselsveg frå Krøgenes gjer at Riksveg 410 vil tåle ny utbygging i området, og det vil styrke infrastrukturen både på Eydehavn og Saltrød når ny E18 og hovedvegnett rundt Arendal også blir knytta til ny veg ut til Eydehavn havn. Alt dette gir også betre arbeidsforhold på etablerte næringsområde, med sjanse for å tiltrekke seg enda fleire bedrifter. Med fleire bustadar Dyvika-Gartha kan vi styrke busstilbodet, bygge opp til at bussane mellom Grimstad og Eydehavn etter kvart kan gå så ofte som fire gonger i timen. På den måten kan vi også legge eit betre grunnlag for å styrke kollektivtilbodet vidare austover til Flosta.
Å lage ein samanhengande plan for heile dette området vil gjere enkeltsakene nær sjøen mykje enklare. Da veit folk kor dei kan søke om å bygge, og dei veit dei områda dei ikkje vil få lov til å bygge ved sjøen.
Flosta neste
Vi bør dele opp resten av kommunen i soner og ta denne grundige gjennomgangen område for område. Det forrige kommuneplanutvalet vedtok å arbeide for "mulighetsstudie" for Flosta. Ein slik studie bør vere neste steg. Gjennom grundige planar saman med grunneigarar, utbyggarar og friluftsinteresser i respekt for strandsoneloven heilt frå Dyvika til Tvedestrands grense får vi kunnskap til å gå vidare med Tromøy, Hisøy, områda langs Nidelva og kysten av gamle Øyestad.
Venstre vil foreslå for kommuneplanutvalet å sette i gang straks.
Av Cathrine Høyesen Hall og Jan Kløvstad, Venstres medlem og varamedlem i kommuneplanutvalet i Arendal