Venstre satsar på snøggbåt

Samferdselsutvalet handsama denne veka prinsippa for vidare snøggbåtdrift i fylket. Venstre held valløfta og sikrar ei satsing på båttransport i fylket.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Fortsatt snøggbåt i Sunnhordland
Det var brei politisk semje om at rutene i Sunnhordland skal fortsette i hovudsak som i dag. Fylkesrådmannen hadde foreslått å omgjere dette sambandet til ei mykje mindre omfattande lokalbåtrute. Dette ville gjort reisetida til bergensregionen for mange i Sunnhordland vesentleg lengre og gi et dårligare og mindre dekkjande tilbod. Venstre har lytta til det store lokale engasjementet, og sikrar fortsatt tilbod i regionen.

Alle samband skal vurderast som miljøprosjekt
Kun den sokalla Snarvegen mellom Kleppestø og Nøstet var i innstillinga definert som miljøprosjekt, som "miljøprosjekt med krav til ny og miljøvennlig framdriftsteknologi". Venstre vil at dette skal gjelde alle framtidige snøggbåtprosjekt. Difor fremja vi forslaget om at alle samband skal vurderast som miljøprosjekt. Nokre stader er batteri aktuelt, medan andre stader er brenselceller ei interessant løysing. Dette må vurderast for kvar einskild kontrakt, og ikkje kun for eitt samband. Dette fekk vi tilslutnad for.

Nordhordland-Bergen i framtidig snøggbåtrute
Venstre vil ha fleire båtsamband i fylket. Det opphavlege forslaget for fylkesrådmannen foreslo ikkje båtsamband mellom Nordhordland og Bergen. Venstre var med å fremje at det også skulle utlysast ei anbodspakke på denne strekninga. Dette vil sikre eit framtidig snøggbåttilbod på denne strekninga.

Venstre har krevd å få handsame sak om dagens rute mellom Knarvik-Frekhaug-Bergen på sakskartet i Samferdselsutvalet. Venstre, Frp og Høgre framsette forslaget "Samferdselsutvalet ber om at fylkesrådmannen snarast går i dialog med BNR for å sjå på mulege løysingar for å oppretthalda tilbodet med hurtigbåt på strekninga Nordhordland-Bergen fram til oppstart av anbodsrute".

Venstre ønskjer saman med eit fleirtal i fylket å oppretthalde tilbodet i Nordhordland. Dei juridiske innvendingane mot å støtte eit kommersielt tilbod er for mange til at saka ikkje kan handsamast utan grundigare forarbeid. Det er ikkje den politiske vilja det står på.

Inntil vidare vil vi sikre at ein kan bruke det same billettsystemet som på bussane, og bruke midlar til korresponderande bussar i tilknytning til ruta.

Meir om saka kan du lese her.

Alf Helge Greaker, nestleiar og Venstres representant i Samferdselsutvalet i fylkestinget

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**