ÅRSMELDING 2011 — GOL VENSTRE

Årsmeldinga for 2011 syner eit lokallag med stor politisk aktivitet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


ÅRSMELDING 2011 — GOL VENSTRE

Tillitsfolk i meldingsåret:
Leiar: Helge Feet
Nestleiar: Vlasta Sundmoen
Skrivar: Gunhild Sørum
Kasserar: Hallvor Lilleslett
Styremedlem: Mildrid Nesheim

Vara:
1. John Henning Johannessen 2. Gudrun Bøthun 3. Anna Lilleslett, 4. Per Drabløs

Revisor: Ola V. Stake
Valnemd:Gudrun Bøthun, leiar, Hallvor Lilleslett, Per Drabløs

Utsendingar til årsmøtet i Buskerud Venstre: 1.Leiar Helge Feet, 2. Vlasta Sundmoen
Vara:1.Gunhild Sørum 2. Hallvor Lilleslett, , 3. Mildrid Nesheim, 4. John Henning Johannessen, 5.. Anna Lilleslett,6. Per Drabløs

Nominasjonskomite: Gudrun Bøthun leiar, Mildrid Nesheim, Gunhild Sørum
Programkomite: Helge Feet, Vlasta Sundmoen, Hallvor Lilleslett, Ingebjørg By Teigen

MØTEVERKSEMD
Gol Venstre har også i 2011 hatt eit aktivt år med i alt 17 medlemsmøte / gruppemøte /styremøte/møte i kommunestyregruppa og eit fellesmøte med dei andre venstrelaga i Hallingdal. Det var 16. januar i samband med årsmøtet på Ål.

Hallingtinget møter to gonger i året. Her møter Hallvor Lilleslett som Gol Venstre sin representant.

POLITISK ARBEID

Gol Venstre har hatt tre representantar i kommunestyret fram til valet i september:
1. Hallvor Lilleslett, Gol Venstre sin representant i formannskapet, gruppeleiar
2. Vlasta Sundmoen, Gol Venstre sin representant i Utval for Kultur og Levekår (UKL)
3. Helge Feet, Gol Venstre sin representant i Utval for Natur og Næring (UNN)

Vara til kommunestyret har vore: 1. Ingebjørg By Teigen, 2. Jan Kattenberg, 3. John Henning Johannessen. Alle har vorte innkalla til kommunestyret.
Gol Venstre er representert i mange råd og utval.
Mildrid Nesheim har vore leiar i kontrollutvalet.

Ved valet i september har Gol Venstre framleis tre representantar i kommunestyret:

1. Hallvor Lilleslett, varaordførar og Gol Venstre sin representant i formannskapet, gruppeleiar. Har vore fungerande ordførar ei viss tid i haust.
2. Helge Feet, Gol Venstre sin representant i Utval for Natur og Næring (UNN)
3. Line Marie Nilsen, Gol Venstre sin representant i Utval for Kultur og Levekår (UKL)
Vara til kommunestyret: 1. Vlasta Sundmoen, 2. Gudrun Bøthun, 3. John Henning Johannessen, 4. Sander Bøhn Lilleslett, 5. Erlend Grubben, 6. Ole Martin Feet.
Line Marie Nilsen har hatt permisjon hausten 2011. Då har Vlasta Sundmoen møtt i kommunestyret.

Av større politiske saker Gol Venstre har vore oppteken av i 2010 kan nemnast:
Budsjettarbeidet har og i år vore krevjande, særleg i UKL

I Hallingmoprosjektet har Gol Venstre etterlyst framdrift i arbeidet med forprosjekt.

Omsorg — eit stadig tilbakevendande tema p.g.a. budsjettoverskridingar. Gol Venstre meiner at det trengs strukturelle grep her for å få økonomien i balanse. Hallvor har vore aktiv med i haust her.

Kunstgras på Hallingmo: Gol Venstre stemte for utsetting, vil ha det inn i økonomiplanen.

Geitryggen: Gol Venstre gjekk imot å legge ut planen for Geitryggen. Det vil vere svært uheldig med store støyplager i boligfeltet pga masseknusing og bortkøyring av stein i mange, mange år framover.

Vikojordet: Gol Venstre sto fast på at Vikojordet skulle regulerast til offentlege formål og plasskrevjande handel og ikkje detaljhandel.

Mykje arbeid er lagt ned i valåret til dømes med nominasjon, programarbeid, val av nye nemder og råd.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**