Ekstremvêr er snart normalvêr – klimaet krev nasjonal handling

Her kan du lese fråsegna Venstre fremja i fylkestinget i desember, som fekk støtte frå 26 av representantane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Det var skuffande, men ikkje uventa at det internasjonale samfunnet ikkje kunne einast om ein forpliktande ny klimaavtale i Durban denne månaden. Skal vi vere rusta mot konsekvensane av den største menneskeskapte utfordringa i vår tid, må alle bidra og feie for si eiga dør. Diverre har det nasjonale klimaarbeidet svikta, noko dei lokale folkevalde også merkar i kvardagen.

Ekstremvêr med regnrekordar over heile Sør-Noreg, flommar og jordskred, med store tap av materielle og økonomiske verdiar — og av liv. Året 2011 vil gå inn i historia som eit av dei varmaste nokosinne, samstundes som norske klimagassutslepp framleis aukar, og forskarar reknar med at vi må venne oss til meir ekstremt vêr i framtida. Det viser med smertefull tydelegheit at dei globale klimaendringane i høgste grad gir lokale problem, og krev ei konsentrert og sameina satsing frå lokalt til nasjonalt og internasjonalt nivå.

Diverre veit ikkje regjeringa kva retning dei vil gå i. Statsrådane for miljøvern- og olje- og energidepartementet presenterer i media tilsynelatande gjensidig utelukkande visjonar for norsk klimapolitikk, samstundes som dei er djupt ueinige om korleis vi skal nå måla. Dei viser òg ei manglande vilje til handling i form av midlar til oppfølging av klimatiltak lokalt.

Klimakrisa krev meir enn fagre ord og fine handlingsplanar. Dei største klimatiltaka frå nasjonalt hald dei siste åra har heller vore større ansvar og auka forventningar til kommunane. Det er bra at fylkeskommunen og lokale organ blir forplikta til gode klimatiltak, både av seg sjølve og av nasjonale føringar. Men det må følgje midlar med. Støtteordningar som Enova og Transnova er gode ordningar for lokale klimatiltak, men langt frå tilstrekkeleg utan større økonomiske rammar, og utan større overføringar til fylkeskommunane.

Hordaland fylkeskommune vil følgje opp sin ambisiøse klimaplan, med ein reduksjon av klimagassutslepp i fylket på 22 prosent i høve til 1991-nivå innan 2020, som krev stor innsats i omstillingsvilje og i ressursar. Fylkeskommunen set av to millionar kroner i budsjettet til oppfølging av klimaplanen i 2012. Det vil diverre hjelpe lite utan nasjonal medverknad.

Vi opplever at fylka lir under ei manglande nasjonal satsing på lokale og regionale klimatiltak. Noreg har gode føresetnader for å vere ein positiv kraft i det internasjonale klimaarbeidet, og bidra til overgangen eit berekraftig lågutsleppssamfunn. Då må alle forvaltningsinstansar arbeide sameint og forpliktande, og ei meir kraftfull nasjonal satsing på lågare innanlands klimagassutslepp må på plass.

Fråsegn fremja av Venstre i fylkestinget 13.-14. desember 2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**