Rettsleg usikkerheit rundt snøggbåttilskot

Her kan du lese innlegget til fylkestingsrepresentant Alf Helge Greaker frå Avisa Nordhordland i romjula.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Fleire aktørar, som BNR og Bergen Næringsråd, har klandra fylkespolitikarane, derunder Venstre og underteikna, for ikkje å støtte BNR si snøggbåtrute mellom Nordhordland og Bergen etter at tilbodet starta opp. Det er riktig at snøggbåtruta ikkje har fått billettilskot frå fylket i oppstartsfasen. Dette var heller aldri ein del av avtalen.

BNR søkte om lov til å starte butikk for eiga rekning gjennom ein kommersiell konsesjon, det vil seie å starte ei snøggbåtrute der dei sjølv tok risikoen for at dette skulle gå rundt. Dette var noko fylkespolitikarane sa ja til, då ei snøggbåtrute til å avlaste vegnettet sjølvsagt er positivt.
I ettertid har BNR bede om økonomisk stønad frå fylket. Det er her denne saka blir problematisk.

Fylket kan ikkje lovleg gje tilskot til eit kommersielt selskap med mindre dette er på oppdrag frå det fylkeskommunale kollektivselskapet Skyss gjennom anbod. Regelverket er laga for å sikre at alle som ønskjer det skal kunne leggje inn bod på jobben. Frå før køyrer alle bussane i fylket på anbod frå Skyss, der Skyss har stilt med pengar for at nokon skal gjere jobben. Dei som gjer jobben er ulike selskap, som Tide og Nobina.

I utgangspunktet er det berre på denne måten Skyss, altså fylket, kan gje pengar til eit privat selskap som vil drive kollektivtrafikk — gjennom anbod. Andre må gjerne konkurrere og sleppe til, men det blir altså for eigen risiko. Alle partia i samferdsleutvalet var samde om dette i møtet 23. november. For Venstre sin del er det særs viktig å ikkje bryte loven eller behandle aktørar ulikt. Venstre har heller ikkje gått til val på å gje pengar til dei som vil drive butikk på eiga hand.

Det fylkespolitikarane derimot kan gjere, og som Venstre har gått til val på, er å sørgje for at Skyss sine bussar korresponderer betre med resten av kollektivnettet, inkludert dei kommersielle tilboda. Å få på plass bussar som passar med avgangane til snøggbåten skal vi få til, samstundes med at kundane kan bruke Skyss sitt billettsystem, slik at ein unngår eit eige teknisk opplegg berre for snøggbåten.

BNR med fleire har i media påstått at fylket bevisst har forsøkt å strupe snøggbåten ved å dumpe billettprisane på busstilbodet frå Nordhordland, som står i konkurranse med snøggbåten. Dette hadde fylket ingenting med å gjere, då det derimot var Bergen kommune som senka billettprisane gjennom einskapstaksten. Kommunen hadde i ein kort periode ansvaret for kollektivtrafikken gjennom ei prøveordning, før det blei tilbakeført til fylkeskommunen i 2008. Bergen Venstre var ein pådrivar for dette tiltaket, som gjorde det mykje rimelegare å reise frå dei ytre delane av kommunen til sentrum, men det var altså ikkje eit verk frå fylkespolitikarane si side.

Venstre har gått til val på at rutebåtar, eller "båtbussar", skal kome på plass fleire stader i fylket, men dette må gjerast på anbod gjennom Skyss. For Venstre er det ikkje noko argument mot snøggbåten at han kan ta passasjerar frå Skyss sine bussar. Tvert om, det tek vi som eit signal på at Skyss sitt tilbod må bli endå betre.

Derimot har BNR eit sentralt poeng: Det har tidlegare blitt gjeve ulike formar for stønad til kommersielle selskap. Etter ein gjennomgang av saker frå tidlegare, verkar dei ulike ordningane uoversiktlege. Nokre heng delvis igjen frå før alt måtte gå gjennom anbod. Dette kom ikkje fram i saksførelegga til den einskilde saka som denne debatten har dreidd seg om. Nettopp difor var Venstre med på at det nye fylkestinget raskt må få på bordet kva som faktisk eksisterer av ulike ordningar per i dag, og om det finnast ei løysing på BNR sine utfordringar på billettprisen som ikkje vil stride mot gjeldande konkurransereglar.

Eg bekreftar at det er stor vilje i fleirtalet i fylket for å finne ei løysing på denne saka, og at vi ikkje vil at dette skal trekkje ut i tid. Vi skuldar alle ei rask handsaming og oppmodar alle partar om samstundes å halde seg saklege, faktabaserte og løysingsorienterte.

Alf Helge Greaker, nestleiar i samferdsleutvalet (V), Hordaland fylkesting

Dette innlegget stod på trykk i Nordhordland onsdag 28. desember 2011.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**