Oppdatering fra driftsstyret ved Ruseløkka skole

Tore Walaker, Frogner Venstres representant i driftsstyret for Ruyseløkka presenterer her betraktninger rundt skole på Filipstad og skolebehovsplanen:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Kommentarer til Filipstad og skolebehovsplan:

Det visstnok planlagt skule på Filipstad. Det vart kommentert i driftsstyremøtet på Ruseløkka skole då dette uformelt vart nevnt, at ja ja, det betyr vel at Ruseløkka kan leggast ned. For elevtalet i inntaksområdet til Ruseløkka er lågt som det er. Eksempelvis går det ned frå 90 til 45 elevar året før skulestart, dvs. at halvparten av 5-åringane, flyttar innan skulen startar, ut frå ruseløkkas inntaksområde. Dette er jo velkjent, og skulen er dimensjonert for dette forholdet, dei drar jo til andre skular i “rikare” område, som så får desse elevane.

Men dersom Filipstad skulle bli utbygd med skule, så ville den kanskje også få ein låg elevmasse, for ein kan vel ikkje forestille seg at det blir buande mange barnefamiliar der? Det blir vel slik det ellers går, at det er stort sett middelaldrande som kan flytte inn. Og når det blir få barnefamiliar, så vil denne nye skulen konkurrere med naboskulane, først og fremst Ruseløkka og Uranienborg, om å overta deira inntaksområde. Det kunne kanskje passe for Uranienborg sin del, då dei er under press no for å gå frå delt funksjon, dvs. barne- og ungdomstrinn, til reint barnetrinn. Men for Ruseløkka, som også har delt funksjon, så ville det ikkje passe noko. Ruseløkka ville miste ein kritisk del av elevmassen, og kunne ikkje kompensere med eit godt, alternativt inntaksområde, ved oppbygging av ein skule på Filipstad.

Når det er sagt, så er det jo ikkje dumt å planlegge med at det skal byggast ein skule på Filipstad, men det må jo tas diverse hensyn under planlegginga, slik at resultatet blir best mulig. Når det gjeld spørsmålet om bygging av ulike funksjonar på Filipstad, så bør jo relevante instansar høyrast før det tas endeleg stilling til ein plan.

Helsing
Tore Walaker
medlem
driftsstyret Ruseløkka skole

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**