Venstre med viktige grep i næringspolitikken

Ved årsslutt og gjennomføring av dei siste møta i formannskap og kommunestyre, er viktige grep innanfor næringspolitikken og vedtak knytt til næringsplanen gjort. Venstre har kome med innspel i desse særs viktige prosessane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre har jobba hardt i formannskap, kommunestyre og utval for nærings-og tiltaksarbeid for m. a ein meir open og liberal arealpolitikk med fokus på tilrettelegging av tomteland, ei meir aktiv fødselshjelp frå kommunen si side for næringsutvikling og overfor ein kvar gründer og ei kvar småbedrift. Ikkje minst har me tatt til orde for ei reduksjon i arbeidsgivaravgifta!

Arbeidet har òg ført til gjennomslag, eksempel i så måte kan vera: tempo i arbeidet med næringsareal på Istadmyrane, vurdering av skjemamengda, vedtak om samlokalisering mellom turistinfo og Destinasjon Voss, samt iverksetjing av tiltak for reduksjon i arbeidsgivaravgifta. – Venstre kan vera nøgde med at me har fått gjennomslag i næringspolitikken i det siste. Samstundes er ingenting gjort, og Venstre som opposisjonsparti lyt no følgja med på kva som vert gjort og ikkje, seier Venstres medlem i utval for nærings-og tiltaksarbeid, Knut Olav Nestås.

Næringsillustrasjon engelsk hovedbrosjyre

Foto: Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**