Årsbudsjett 2012

Årsbudsjettet for neste år vart behandla på kommunestyret 15.12.11.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Penger

For Haram Venstre sin del var det viktig å skjerme skule og helse-tilbodet i kommunen. Den økonomiske situasjonen i kommunen er spent ettersom vi i for stor grad er avhengig av svingingane på aksjemarknaden, noko som gjorde at budsjettet blei veldig stramt. I tillegg til Rådmannen sine innsparingar var vi med på å arbeide fram og støtte ein politisk avtale med Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti.

Avtalen gjekk ut på å spare ein halv million kroner i kommune administrasjonen, redusere møtegodtgjersla for kommunestyrerepresentantane, redusere driftsrammene til TBU med ein million kroner, fjerne folkehelsekoordinator stillinga for å spare 150000, slå saman ytre og indre omsorgsdistrikt for å spare administrasjonsutgifter, kultur får ikkje ny funksjonærstilling, budsjettere 3 millionar kroner meir av finansformuen for å hindre store underskot ved ein ev. lågkonjunktur og løyve pengar til rehabilitering av ungdomsskulane på Brattvåg og Vatne. Ei splitta Uavhengig Valliste for Haram støtta framlegget ettersom det mellom anna òg blei bestemt å løyve ein halv million til utbetring av brua ved Grytastranda.

Elles gjorde kommunestyret vedtak innanfor grunnskuletenester å innføre skulefruktordninga på nytt, noko som var ein av våre kampsaker under kommunestyrevalet.

Protokollen for møtet finn du her:
http://innsyn.e-kommune.no/innsyn_haram/wfdocument.aspx?journalpostid=2011008275&dokid=44571&versjon=1&variant=P&ct=RA-PDF

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**