Aktivt Venstre i innspurten for Vossabudsjettet!

Budsjettbehandlinga i Voss kommunestyre 15.des. dreide seg mest om å finna dei minst verste nedskjeringsforslaga. Elles la mange merke til at V, KrF, H og H hadde fleire fellesforslag, men som stort sett blei nedstemde av fleirtalet; Ap, Sp, Sv og R

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Fellesforslaget frå Venstre og Krf til driftsbudsjett fall ut i første runde. Men partia hadde eit sekundært forslag med nokre av dei viktigaste avvikande forslaga frå AP, Sp og Sv. Dette slutta H og Frp seg til. Men fellesforslaga frå ein samla opposisjon til talbudsjettet blei alle stemde ned ; 19 mot 24 røyster.

Dette galdt då framlegg om mindre nedskjering ( enn fleirtalsgrupperinga) på lærarressursen, på fellespost opplæring, innan planavd., kart og oppmåling , byggjesak, innan næring, og med avsetning til oppfølging av klima- og energiplan, og til ajourføring/utgreiing om moglege strukturendringar innan pedagogiske tenester, pleie/omsorg og tekniske tenester.

Det same galdt eit fellesframlegg til investeringsbudsjett som ma. ville gjort det mogleg å starta bygginga av nytt kyrkjesenter i 2012.

Derimot slutta Ap, Sp og SV seg heilt til opposisjonen sine felles verbalframlegg! (Opphaveleg utarbeidd av V og KrF.) Dermed var det eit samrøystes kommunestyre som bad om utgreiing om mogleg sal av kommunale eigedommar, om snarleg sluttføring av vurderinga av samanslåing av Voss eigedom og Voss bustadutvikling, og om det eventuelt bør bli søkt etablert eit privat/kommunalt investeringsselskap,om ei melding av aktuelle tiltak for auka regionalt samarbeid, her også vestover mot Vaksdal og Bergensregionen, om snarleg framlegging av sak om organisering av høgre utdanning i Voss, og om oversikt over og muligheter innan aktuelle støtteordningar innan EØS-/EU og endeleg at kommunestyret legg til grunn at det blir jobba kontinuerleg med lokalisering i Voss av regionale og statlege arbeidsplassar.

I hvoudinnlegget peika gruppeleiaren for Venstre; T. Gunnarson, på at vi ikkje måtta gløyma Vossabygda sine mange sterke sider, og har mange muligheter for vidare utvikling! TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**