Fylkesordføraren oppmoda til samarbeid og einigheit. Det er viktig med einigheit og samarbeid for å få til ting, men vi vil ikkje være einige for ein kvar pris. Eg vil og minne fleirtalet her om at også mindretalet kan komme med gode og konstruktive løysingar. Det har vore høve der det har vore viktigare kven som kom med forslag enn kva innhaldet i forslaget var. For Venstre er innhaldet viktigast.
Vi som sit i denne sal må evne å sjå heile fylket under eit. Fylkesordføraren snakka varmt om å ta heile landet i bruk. Vi som fylkespolitikarar må vel heller ha som intensjon å ta heile fylket i bruk.
Vi får ikkje vekst i fylket med å flytte ting frå ein stad til ein anna i fylket, det einaste vi oppnår då er krangel og strid mellom dei ulike områder. For å få vekst må vi få nytenking og lyst til å satse på utvikling. Vekst får vi ved å legge til rette for dei som har lyst til å satse på å utvikle nye idear til næringssatsing. Her har vi som fylkespolitikarar ein stor jobb å gjere for å legge til rette for grundere og små bedrifter. Vi såg i vår når vi hadde ein gjennomgang av hjelp og støtte til nyetablering kor vanskeleg det var og få oversikt; og eg trur knapt nokon har oversikt over alt.
Fylkesordføraren var veldig pessimistisk når det gjeld folketalsutviklinga. Her må vi være optimistiske og ha trua på vekst og utvikling i fylke. Vi vil ha både vekst i folketalet og utvikling i næringslivet. Vi må tru på det, og jobbe for det.
Når det gjeld å behalde ungdomen i fylket eller få dei til å flytte tilbake etter at dei er ferdig med utdanninga si; så er det beste vi kan gjere for det er å få ungdomen til å trivast i fylket medan dei bur her. Det kan vi gjer ved å ta godt vare på dei og legge tilhøva til rette for dei medan dei går på vidaregåande skulen, slik at dei bygger seg nettverk her og får lyst å busette seg her i framtida. Eit av dei viktigaste tiltaka for å få det til er å legge til rette for at flest mogelege av ungdomane som har lyst til det kan bu heime medan dei går på vidaregåande. Det er i den tida dei knyter kontaktane til menneska i nærmiljøet og til frivillige lag og organisasjonar. Desse ungdomane er også ein ressurs for bygda. Dei millionane vi brukar for at flest mogeleg skal få bu heime er vel anvendte pengar. Vi i Venstre synest snart vi må finne ei løysing på den skuleskyssen vi enno ikkje har fått på plass. Eit par millionar er ikkje ein høg pris for at nesten 90 elevar slepp å bu på hybel.
Fylkesordføraren var også inne på samferdsel. Her må vi prøve å få til eit betre kollektivtilbod, vi er dårlegaste i landet her, og som kjent er det ingen som reiser med ein buss eller båt som ikkje går.
Vi må også sjå samferdsel og næringsutvikling i samanheng. Eg kan berre nemne Lutelandet som eit eksempel. Her har ein satsa på ei kai og prøver å få til næringsutvikling, men området manglar tilfredstillande veg, området er einaste kommunen utan ekspressbåt stopp. Det er heller ikkje ferje eller andre båt stopp i området. Her har vi lagt eit industriområde i ingenmannsland. Her har vi fylkespolitikarar ein jobb å gjere for å legge til rette for næringsutvikling.
Vi må i framtida tenke heilskaplege løysingar når vi skal utvikle gode bu og arbeidsområde.
Vi må tenke framtidsretta både når det gjeld næringsutvikling og det å gi ungdomen lyst til å bu i område. Kanskje kostar det nokre millionar ekstra i dag, men vi vil få det rikeleg igjen med vekst og utvikling i framtida.
Frå Fyl.kestinget 13. desember, Marit Barsnes Krogsæter