Venstre med alternativt budsjettframlegg

Ingenting tilseier at dei raudgrøne vil søkja samarbeid med opposisjonen i kommunestyret. Venstre førebur difor eit alternativt budsjettframlegg med tydelegare fokus på m. a skule, næringsutvikling og klima- og miljø.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre vil i kommunestyremøtet den 15. desember leggja fram sitt alternative budsjettframlegg. – Me har tradisjon for å leggja fram eige budsjett, seier gruppeleiar Torstein Gunnarson. Venstre-toppen i kommunestyret framhevar også at Venstre skal vera konstruktive i samband med kommunens kritiske økonomiske situasjon, og søkja delvis samarbeid med både KrF, Høgre og FrP. I tillegg er han interessert i å sjå på andre sider av kommunens økonomi:

tg

Foto: ar

– Me vil m. a sjå på korleis kommunen reknar ut investeringane sine, og kvifor investeringane ikkje vert ajourført frå år til år, poengterer Gunnarson.

Leiar i Voss Venstre, Knut Olav Nestås, påpeiker at det er viktig med alternative budsjett. – Veljarane lyt få sjå reelle politiske alternativ til den sittande raudgrøne fleirtalsgrupperinga, og då lyt me i opposisjon ta den jobben, seier Nestås. Samstundes er han, som medlem av utval for nærings- og tiltaksarbeid, oppteken av at ein ikkje skal gløyma strategisk næringsplan som også skal vedtakast 15. desember. – Venstre har her ein rekke offensive framlegg, m. a tiltak for å redusera arbeidsgjevaravgifta, reduksjon i byråkratiet og ei meir einheitleg satsing innan reiselivet, avsluttar Nestås.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**