Leve lokaldemokratiet!

Det er fint når lokaldemokratiet virkar! Det meiner eg det gjorde under kommunestyremøtet i Bygland 17. november då vindmøllesaka for første gong kom politikarane i hende — som informasjonssak.
Etter at konsulentfirmaet Hybrid-Tech AS i forkant hadde klarert med grunneigarar og kommunen, var tida inne for at saka fekk sin plass på politisk nivå.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Under informasjonen viste Hybrid-Tech til førehandsmeldinga datert 15. august, som var sendt kommunen. I desse dagar har vi no fått tilgang på denne, eit skriv på 45 sider som gjev oss god informasjon om utbyggingsplanane.

vindmøller fornybar energi framtiden vind kraft vindkraft miljø

Foto: Stavanger Venstre

Etter informasjon og spørsmålsrunde fekk andre sida, skeptikarane, sleppe til — også dei med same prosedyre som dei føregåande, representerte ved to medlemer frå gruppa Vindmøllefritt / Lister.
Eg vil gjerne gi ein honnør til byglandsordføraren Leiv Rygg som sørga for at vi heilt frå starten har fått ein viss balanse i innføringa av ei sak som kan kome til å bli viktig og prinsipiell både for kommunen og heile regionen. Ei slik sakshandsaming lovar godt for dei lokaldemokratiske prinsippa, prinsipp som H / V tykkjer er så viktige at vi har nedfelt dei i partiprogrammet vårt.

Det slo meg medan eg sat og fylgde prosessen, at dette kanskje i første rekke er ein verdidebatt — og då tenkjer eg ikkje først og fremst på verdiar som kan målast i kroner og øre. Det handlar kan hende meir om dei verdiane som fremmar livskvalitet og trivsel i kvardagen vår
Vi som er valde inn i kommunestyret, har forplikta oss på å finne løysingar som gjer Bygland til ein god og attraktiv kommune å leve og bu i. Dette trur eg vi alle har eit ærleg ynskje om, og det er difor saker av denne karakter kan bli så vanskelege. Ingen av partia har sagt noko om dette i partiprogramma sine fordi vi på den tida ikkje visste at det ville bli ei aktuell sak. Difor blir det viktig i den komande prosessen at vi får mest muleg tilgang på informasjon og konsekvensutgreiingar. Denne kunnskapen må vi kople saman med det indre verdisettet vårt — og i neste omgang lande på eit standpunkt vi kan stå oppreiste med.
Om vi skal greie dette, må vi ut av den forenkla klisjètenkinga om grådige grunneigarar og misunnelege skeptikarar og lytte til bodskapen i det som blir sagt.
Første høvet til dette får vi på folkemøtet som NVE inviterer til 15. desember. Det er å vone at dette vil bli starten på ein framleis demokratisk og konstruktiv debatt — til beste for innbyggjarane i Bygland.

Torhild Austad, Bygland Venstre / Høgre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**