Alfred Bjørlo med innlegg i Fylkestinget

– Fylkesordføraren framheva i sitt innlegg at vi er eit fylke med store muligheiter, og at vi må satse på våre styrker og våre fortrinn. Leiaren i næringsutvalet, Hilmar Høl, følgde opp med å slå fast at næringsutvikling er samfunnsutvikling. Det er rett. Og det er viktig. Og då vil eg gjerne ta tak i eit av dei aller viktigaste områda: Energi og klima.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo

Slik starta fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo sitt innlegg i generell politisk debatt på fylkestinget 13. desember 2011.

– Vi er nettopp ferdig med eit klimatoppmøte i Durban. Det møtet synte at verda har eit desperat behov for leiarskap i klima- og energipolitikken. Vegen fram mot eit klimavennlig samfunn er lang. Og som andre viktige vegar (eg skal ikkje nemne namn..) er det ikkje gitt at dei billigaste løysingane på kort sikt er dei mest lønsame og samfunnsbyggande på lang sikt.

Venstre meiner vi no må starte «vegbygginga» til eit mer klimavennlig samfunn og et grønare næringsliv. Dei nasjonane, dei bedriftene og dei regionane som har mot, vilje og evne til bygge den vegen fyrst ferdig, dei vil ha et stort internasjonalt konkurransefortrinn.

Det er godt nytt for Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane er eit energifylke. Og eit fornybarfylke. Vårt problem er at vi har ei Regjering som diverre ikkje har synt mot, vilje og evne til å utnytte dette potensialet. Og som nokon vil vite: Dei partia som sit i Regjering, er dei same som sit ved roret her i Sogn og Fjordane.

La meg ta to konkrete døme:
1. Statoil og flytande vind: I sjøen utanfor Vestlandet ligg verdas første flytande vindmølle, relativt vesle og beskjedne HyWind1. No er Statoil i forhandlingar med myndighetene i Maine i USA om bygging av «Hywind 2», ein fullskala flytande vindpark. Kvifor det? Norsk teknologi, norske underleverandørar, norske investorar og perfekte tilhøve i Noreg – mellom anna i Sogn og Fjordane – frå naturen si side?

2. Facebook sitt nye storskala datasenter: Det er beslutta lokalisert til Nord-Sverige. Kvifor det? Noreg har betre naturgitte forhold, bedre tilgang til energi, og på alle andre område minst like gode mulighetar til å bygge opp storskala grøne datasenter som i Sverige.

Det finst mange andre eksempel.

Kvifor er det slik? Jo, fordi andre land legg forholda betre til rette enn oss for nyskaping og ny teknologi. Andre land er rett og slett meir svoltne enn oss på nyskaping.

Det er eit problem – for Sogn og Fjordane. Det at norske styresmakter sviktar i å legge til rette for ny miljøteknologi og nyskaping er ikkje (på kort sikt) nokon trussel for dei «gode og mette» i Noreg, i byråkratihovudstaden Oslo og oljehovudstaden Stavanger. Men det er eit stort problem for dei av oss som er svoltne. Dei av oss som treng nye bedrifter, nye muligheter, vekst og utvikling som ikkje kjem rekande på ei fjøl.

Dersom vi tek aktive val om å satse på miljøteknologi, offshore vind, grønne datasenter, videokonferanse, elektrifisering av sokkelen utanfor Sogn og Fjordane, så er ikkje det berre ein kostnad. Mange av leverandørane av teknologiske løysingar og av utstyr er norske, og dei får på den måten grunnlag for å vekse og etablere fleire arbeidsplassar direkte, og også indirekte gjennom å opparbeide seg kunnskap som dei kan bruke når dei etter kvart også kan tilby miljøteknologi til andre land.

Vi har i Sogn og Fjordane allereie i dag bedrifter og bedriftsmiljø i elitedivisjonen innanfor miljøteknologi. I industri og tenesteytande næringar, men faktisk også i tradisjonelle næringar som landbruk og fiskeri. Godt døme: Ervik Havfiske i Selje som nylig har investert fleire hundre millionar kroner i å bygge verdas største og mest miljøvennlige linefartøy.

Sogn og Fjordane kan bli eit foregangsfylke på fornybar energi og miljøteknologi. Då må vi ville det, vi må satse og sjå mulighetene. Det kan vi klare. Men samtidig må dei partia som sit med makta i SFj i dag, ta eit generaloppgjer med si eiga Regjering, som i dag er ein bremsekloss på vegen mot fornybarsamfunnet.

Her har vi ein jobb å gjere. Alle vi som er svoltne på framtida, og vil noko med utviklinga av fylket.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**