Gruppemøte 13.12.11

Tysdag 13. desember kl. 19.30 blir det gruppemøte i Hatlehiet på Ål kulturhus for førebuing til årets siste kommunestyremøte (torsdag 15). “Rekordmange” saker til dette møtet, bl.a. skal alle kommunale avgifter for vatn, avlaup, renovasjon mm. vedtakast. Dei sakene som nok vil fengje største interessa er:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


* Budsjett 2012 og Økonomiplan 2012-2015. Budsjett for 2012 er stramt, det vert kompensert for lønnsauke, men lite for prisstigning. Tenestetilbodet er vedteke å vidareførast. Politisk handsaming so langt ligg an til ein monaleg auke til klimaplan og for energisparande tiltak. Det som er tenkt nytt er at somme driftstiltak vert finansiert frå fond. Desse tiltaka vert definerte som driftsprosjekt, dvs. tiltak av kortvarig karakter som følgjer opp ein del tiltak som resultat av diverse planar og prosjekt, til dømes prosjekt for “Betre læring i Ål”.

* Priortering av spelemidlar 2012. Mange store investeringar av idrettsanlegg er i kjømda, formannsskapet har laga prioriteringsliste for nye prosjekt; bl.a. utviding av klubbhus/garasje på Liatoppen, ny kunstgrasbane på Bråta og ombyggjing av klubbhus på Torpo.

* Elles kjem det ei sak om tilleggsløyving til Familiens hus. Dette gjeld kun handsaming av dei utgiftene kommunen har bestilt og som det ikkje er tvil om at kommunen skal betale. Saka har ingen ting med sjølve striden mot Sundre Eiendom AS å gjera…

Det er overhengande fare for servering av lussekatter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**